Sialkot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 32°29′50″N 74°32′10″E

Sialkot
AAC 008.JPG
Folketal 421 502 (1998)
Plasseringa av Sialkot i Pakistan.
Plasseringa av Sialkot i Pakistan.
Wikimedia Commons: Sialkot (Pakistan)

Sialkot (urduskrift سیالکوٹ) er ein by i den nordaustlege delen av provinsen Panjab i Pakistan, nær grensa til det India-kontrollerte Jammu. Byen er administrasjonssenter i distriktet med same namn. Han har rundt 420 000 innbyggjarar, og er den 12. største byen i Pakistan.[1] Sialkot ligg nær Chenab-elva, ved foten av fjella i Kashmir. Byen ligg rundt 110 km nordaust for Lahore.[2]

Næring og kultur[endre | endre wikiteksten]

Industri er ei viktig næring i byen, der det blir laga sportsartiklar, musikkinstrument, klede og kirurgiske instrument. Mange av produkta blir eksporterte. Byen har også keramikkproduksjon.[2]

Sialkot er særleg kjend for sin produksjon av handsydde fotballar. Det blir laga 40-60 millionar slike ballar årleg, rundt 70 % av verdsproduksjonen. Byen har levert ballar til fleire store internasjonale meisterskap, som verdscuppen i 2014.[3] Etter ein internasjonal skandale i 1997 kom det inn eit forbod mot barnearbeid i industrien.[4]

Under den britiske kolonitidia blei det byrja å laga sekkepiper i byen. Det finst i dag rundt 20 sekkepipekorps her.[5]

I Sialkot finst eit mausoleum til guru Nanak, grunnleggjaren av sikhismen.[2]

Kjende folk frå Sialkot[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Sialkot» frå ena, den 22. april 2016.
Spire Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.