Siam-strøket i Bangkok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete med litt av Siam-strøket. Bygningar i bakgrunnen, ligg mellom anna i Pratunam-området (til dømes «Baiyoke tårn 2», som er høgast i biletet)
Frå Siam Square

Siam (สยาม, romanisert Sayam, uttalt sà.jǎːm) er eit område i Pathum Wan-distriktet i Bangkok. Det er ikkje eit formelt administrativt område, men kjend lokalt og rekna som hjartet av Bangkok. Namnet «Siam» har vore knytt til området sidan Siam Intercontinental Hotel blei bygd her i 1964. Siam Square følgde i 1965, Siam Theater i 1967, Siam Bowl og Siam Center i 1973, Siam Discovery i 1997 og Siam stasjon, ein hovudstasjon for BTS Skytrain, i 1999.

Strøket ligg på land som tilhøyrer kongefamilien i Thailand. Det omfattar Sra Pathum-slottet og eit krongodsområde som er leigd ut til kjøpesenter på begge sider av Rama I-vegen.

Strøket har samband med Ratchaprasong-strøket ved hjelp av fleire gangbruer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wat Pathum Wanaram.

Kong Mongkut, som herska frå 1851–1868, gav ordre om å bygge eit lite lystslott på staden. Dette var Pathumwan-slottet eller 'Lotus-slottet'. Den første flyplassen i Thailand blei laga her.[1] Han fekk også bygd buddhisttempelet Wat Pathum Wanaram like ved.[1]

Don Mueang lufthamn opna i 1914 blei området ledig att. Det blei arva av prins Mahidol Adulyadej av Songkhla, far til kong Bhumibol Adulyadej.[1] Han fekk bygd eit nytt slott, Sra Pathum-slottet ('Lotusdamslottet').[1] Bryllaupa til både Mahidol Adulyadej og til sonen hans Bhumibol Adulyadej blei feira her i høvesvis 1920 og 1950. Prinsesse Srinagarindra, kona til Mahidol og mor til Bhumibol, budde i slottet i fleire tiår. Det blei seinare residensen til kongsdottera Maha Chakri Sirindhorn.[1]

Vegg i vegg med slottsområdet låg lenge Siam Intercontinental Hotel med eit parkområde. Dette var eit av dei første internasjonale hotella i Bangkok. Grunnsteinen for hotellet blei avduka av Srinagarindra den 11. desember 1964.[1] Etter at Siam Intercontinental Hotel blei rive blei kjøpesenteret Siam Paragon bygd her i 2005. Siam Kempinski Hotel Bangkok opna på det tidlegare hotellområdet i 2010.

Den eldste kinoen i Bangkok, Lido-kinoen, opna her i 1968[2] og vart lagt ned i 2018.[3] Scala-kinoen som opna i 1969 stengde i 2020.[4][5]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

I Siam-strøket er kjøpesenter- og underhaldningsområdet Siam Square (thailandsk, สยามสแควร์) ) viktig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Bangkok's Crucible of Construction». 2bangkok.com. Arkivert frå originalen 2005-11-18. 
  2. «Exclusive City directs own tragedy». Bangkok Post. 2. juni 2018. 
  3. Kong Rithdee (2. juni 2018). «Exclusive Lights out at Lido, but can art hub shine?». Bangkok Post. 
  4. Final curtain drops at Scala theatre. Bangkok Post. Vitja 6. juli 2020
  5. Bunag, Tatat. The end of an era. Bangkok Post. Vitja 1. juli 2020. «The Scala, Thailand's last remaining stand-alone movie theatre, closes its doors»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]