Siamesar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne siamesar
Hovudet til ein siamesar med eit mørkare område rundt snuten.

Siamesar er ein katterase som stammar frå Thailand, tidlegare kjend som Siam. Siamesaren er ein av dei eldste katterasane ein kjenner til, med mellomstor, lang og slank kropp og ein særs kort, fin pels utan underpels. Han er som regel maskefarga, det vil seia lys (kvit) på kroppen og mørkare ved snuten, øyra, potane og halen. Augo er blå. Halen er lang og avsmalande mot enden. Hovudet smalnar mot snuten i rette linjer, og katten har lang rett nase.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den maskefarga siamesarkatten er kjend frå den illustrerte diktsamlinga Tamra maew ('Kattedikt'), som ein reknar med blei skriven frå 1300- til 1700-talet.[1] Kattane hadde høg status og blei typisk berre haldne av kongelege eller munkar. Dei ver vernande vesen for buddhisttempel og sjelane til avdøde.[2]

Katten kom til Vesten på slutten av 1800-talet. I 1878 mottok den amerikanske presidenten Rutherford B. Hayes den første dokumenterte siamesarakatten i USA, ein katt kalla Siam send av den amerikanske konsulen i Bangkok.[3] I 1884 tok den britiske konsulen i Bangkok, Edward Blencowe Gould (1847–1916),[4] katteparet Pho og Mia med seg tilbake til Storbritannia. Han gav dei i gåve til syster si, Lilian Jane Gould, som seinare var med på skipinga av ein engelsk siamesarkatteklubb i 1901. Kattane fekk tre kattungar i 1885. Familien blei stilt ut ved Crystal Palace-utstillinga same året, og vekte oppsyn gjennom den uvanlege utsjånaden og oppførselen sin. Alle kattungane døydde ikkje lenge etter utstillinga av årsaker som er ukjende i dag.[5] Rundt elleve nye kattar blei innførte gjennom dei neste tiåra, og danna grunnlaget for den britiske stammen av siamesarar. Dei var kjende som «kongskattar frå Siam» (Royal Cat of Siam) ettersom ein meinte dei berre var blitt haldne av thailandske kongelege.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clutterbuck, Martin R. (2004). Siamese Cats: Legends and Reality. Bangkok: White Lotus. ISBN 974-480-053-4. 
  2. Siamese Cat History, henta 1. desember 2016 
  3. «Siam: America's First Siamese Cat». Arkivert frå originalen 5. mai 2009. Henta 13. februar 2009. 
  4. «Edward Blencowe Gould or Owen Gould». Arkivert frå originalen March 11, 2005. Henta 14. august 2006. 
  5. Connor, Janine (2007). I am Siamese - How to raise Siamese cats and kittens. ISBN 978-0-9804291-0-7. 
  6. Weir, Harrison (1889). Our Cats. London. ISBN 1-84664-097-0. 

«Siameser», Store norske leksikon, 15. februar 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Siamesar