Sias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sias
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 7 330 km²
Lengd 261 km
Middelvassføring 53 /s
Kjelde Valdajhøgdene
Munning Ladoga
Kart
Sias
59°03′41″N 33°34′39″E / 59.061388888889°N 33.577472222222°E / 59.061388888889; 33.577472222222
Wikimedia Commons: Syas River

Sias (russisk Сясь, finsk Säsjoki eller Sääsjoki) er ei elv i Novgorod og Leningrad oblast i Russland. Elva er 261 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 330 km².

Elva startar i myrområda nordvest for Valdajhøgdene og renn frå der mot nord og munnar ut i innsjøen Ladoga rundt 11 km aust for elva Volkhov. Byen Siasstroj ligg ved munningen. Den største sideelva er Tikhvinka. Sias frys til i november (nokre gonger seinare) og er islagt under isen til i april. Middelvassføringa er 53 m³/s målt 27 km før munningen.

I slutten av vendeltida og tidleg i vikingtida var Sias mykje nytta som ei alternativ rute i staden for Volkhov for trafikk frå Austersjøen til Volga. Festninga Alaborg vart bygd av væringane for å forsvare tilgangen til Sias-stryka. Bruken av ruta hadde minska på 900-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]