Siberian Khatru
Siberian Khatru Song av Yes frå albumet Close to the Edge | ||
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | Progressiv rock, funkrock | |
Lengd | 8:55 | |
Selskap | Atlantic Records | |
Låtskrivar(ar) | Jon Anderson, Steve Howe, Rick Wakeman | |
---|---|---|
Produsent | Yes og Eddie Offord |
«Siberian Khatru» er ein song på albumet Close to the Edge frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1972. Songen er skriven av Jon Anderson, Steve Howe og Rick Wakeman. Dette er den einaste songen frå albumet som ikkje er delt opp i fleire satsar, sjølv om han har fleire ulike melodiar og seksjonar. Songen varar i 8 minutt og 55 sekund og er dermed den kortaste på albumet.
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Songen opnar med eit gitar-riff spelt av Steve Howe, og det umiddelbare inntrykket er at dette er ein standard rock 'n roll-låt. Riffet blir repetert, og så kjem resten av instrumenta inn og avslørar eit «typisk» Yes-arrangement med songen hovudtemaet i songen. Melodilinja i versa er dominert av Rick Wakemans hammondorgel, medan «refrenget» er rytmebasert med trommer og bass. Gitaren ber instrumentalpassasjane med utprega rock 'n roll-stil.
Inspirasjon
[endre | endre wikiteksten]Songen skal vere inspirert av Igor Stravinskij-komposisjon Vårofferet. Ordet «Khatru» vart funne opp av Anderson, og tyder faktisk inkje.
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]Trommeslagaren på originalinnspelinga, Bill Bruford, har aldri spelt denne songen under konsert. Han forlét bandet straks innspelinga av albumet Close to the Edge var over, og vart erstatta av Alan White. Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Siberian Khatru»:
- Yessongs inneheld ein versjon frå Close to the Edge-turneen.
- The Word Is Live har eit opptak frå ein konsert under SoloAlbum-turneen i 1976.
- Keys to Ascension har ei innspeling frå konsertane i San Luis Obispo i 1996.
- Live at Montreux 2003 inneheld framføringa frå konserten i Montreux i 2003.
- In the Present – Live from Lyon har framføringa frå konserten til bandet i Lyon 1. desember 2009.
Yes spelte «Siberian Khatru» på alle turneene på 1970-talet, med unntak frå Going for the One-turneen i 1977. Han vart aldri spelt under nokre av konsertane på 1980-talet, heller ikkje under første halvdel av 1990-talet. Først under konsertene i San Luis Obispo i 1996 kom han tilbake på programmet, og var med på samtlege konsertar til og med Open Your Eyes-turneen. I 2002 var sangen tilbake på spelelista, og har blitt spelt på samtlege konserter sidan.[1]
Versjon på 2003-utgåva av albumet
[endre | endre wikiteksten]Ny-utgjevinga av albumet Close to the Edge frå 2003 inneheld eit «bonus-spor» med ein tidleg versjon av songen under arbeidstittelen «Siberia». Dette er ei innspeling gjort under øving i studio, og varer i 9 minutt og 19 sekund.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]På originalinnspelingar frå 1972 medverkar:
- Jon Anderson: vokal og perkusjon
- Steve Howe: gitarer og pedal steelgitar
- Chris Squire: bass
- Rick Wakeman: Hammondorgel og Mellotron
- Bill Bruford: trommer, perkusjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Siberian Khatru» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: