Sibirnattfiol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sibirnattfiol

Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Platanthera obtusata - Flickr 003 (1).jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Lysiella
Art: L. oligantha
Vitskapleg namn
Lysiella oligantha
(Turcz.) Nevski
Økologi
Habitat: kalkrikt fjellterreng
Utbreiing: nordlege Fennoskandia, austlege Sibir

Sibirnattfiol (Lysiella oligantha) er ei plantesibirnattfiolslekta Lysiellaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Sibirnattfiol er ein av våre minste orkidear, som berre blir om lag 10 centimeter høg. Blomane er grønkvite i eit kort, ope aks. Ved bakken veks det eit par grønkvite blad.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg blir sibirnattfiol rekna til slekta Lysiella, som har tre artar på verdsbasis.[2] I nabolanda og i mange andre klassifiseringar blir arten rekna å høyre til nattfiolslekta Platanthera, slik ein tidlegare gjorde i Noreg. Her heitte han Platanthera parvula,[3] og skifta så fleire gonger mellom Platanthera oligantha[4] og Platanthera obtusata ssp. oligantha[5] før han fekk det noverande namnet.[6]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sibirnattfiol er sjeldan, og veks på kalkrik grunn på nokre få funnstader frå Nord-Troms til Porsanger.[7] Sibirnattfiol er freda,[8] og står på Norsk raudliste for artar som sterkt truga (EN).[9]

Arten finst òg i Sverige (EN) (svensk namn: «lappfela»)[10] og i Finland (CR) (finsk namn: «pikkulehdokki»).[11]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar sibirnattfiol». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre sibirnattfiol». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  3. Johannes Lid (1944). Norsk flora. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 66. 
  4. Johannes Lid (1952). Norsk flora (2. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 213. 
  5. Johannes Lid (1985). Norsk, svensk, finsk flora (5. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 717. ISBN 82-521-2207-8. 
  6. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 915. ISBN 978-82-521-6029-1. 
  7. «Artskart: Sibirnattfiol, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  8. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022. 
  9. «Raudlista: Sibirnattfiol». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 
  10. «Artfakta naturvård: Platanthera obtusata subsp. oligantha lappfela». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  11. «LAJI: Platanthera oligantha». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]