Sid McGinnis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sid McGinnis
Fødd 6. oktober 1949
USA
Yrke gitarist

Sid McGinnis (fødd 6. oktober 1949 i Pittsburgh, Pennsylvania) er ein amerikansk musikar best kjent som gitarist i The CBS Orchestra, som er husbandet til Late Show with David Letterman.

Har turnert med artistar som Barry Manilow, Peter Gabriel, Carly Simon og Laurie Anderson. Han har òg spelt på platene til blant andre Dire Straits, Ashford & Simpson, David Lee Roth, Paul Simon, Simon & Garfunkel, Bob Dylan, David Bowie og Leonard Cohen.[1]

McGinnis vart med i The World's Most Dangerous Band i 1984, som var Late Night with David Letterman sitt husband. Han var eigentleg berre invitert til å spele gitar med bandet ei veke, men enda opp med å bli den faste gitaristen. Då David Letterman skifta frå NBC til CBS og Late Show with David Letterman i 1993, vart han med på lasset og er framleis eit av medlemmane i The CBS Orchestra. [2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sid McGinnis playing Guitars in Paul Simons band» (engelsk). paul-simon.info. Henta 23. september 2011. 
  2. «Sid McGinnis: Late Show on CBS» (engelsk). cbs.com. Henta 23. september 2011.