Sida i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

Sida (Swedish International Development Cooperation Agency) eller Styrelsen för internationellt utvecklingssamarbete er ei statleg svensk styresmakt med hovudkontor i Stockholm og underordna Utrikesdepartementet. Målet til Sida er å bidra til å skapa forbetringar for fattige menneskje til å forbetra sina livsvilkår.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1965 blei SIDA (Styrelsen för internationell utveckling, Swedish International Development Authority) grunnlagd som erstatting for Nämnden för internationellt bistånd (NIB). I 1995 blei noverande Sida (Styrelsen för internationellt utvecklingssamarbete) danna gjennom samanslåning av SIDA, Beredningen för internationellt tekniskt-ekonomiskt samarbete (BITS), Styrelsen för internationellt näringslivsbistånd (SwedeCorp), Styrelsen för u-landsforskning (SAREC) og Sandö U-centrum.

Sida-hovudkontoret i Stockholm

Virke[endre | endre wikiteksten]

På linje med andre svenske styresmakter arbeider Sida sjølvstendig innanfor dei ramane gjeve av Riksdagen og regjeringa. Dei avgjer dei økonomiske rammeane, kva for land Sverig og dermed Sida skal samarbeida med, og kva for ei form arbeidet skal ha. Sida har gjennom svenske ambassadar lokal representasjon i eit 50-tals land.

I 2005 hadde Sida 900 medarbeidere der 190 var stasjonert i utlandet ved ambassadar og konsulat i samarbeidsland. Personalet i Sverige held til i Stockholm, Härnösand og Visby.

Sida styrer om lag 54 %, eller i 2006 cirka 15,9 milliardar kroner, av Sverige sitt totale bidrag til det internasjonale utviklingssamarbeidet. Totalt var det svenske bidraget til bistand 29,3 milliardar svenske kroner i 2006.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]