Sida trønder- og nordlandsfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
STN-ku

Sida trønder- og nordlandsfe (nedkorta til STN) er ein tradisjonell norsk storferase med opphav og kjerneområde i Trøndelagsområdet (inkludert indre/nordre Nordmøre og Nord-Østerdalen) og Nordland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

STN-kalv

Det svartsida, kollute feet kringom Røros vart vald ut som det mest opphavlege og reine, og passande som ein fjellkurase for Trøndelagsdistriktet då læra om det stadeigne slo gjennom som syn på avl rundt 1900. Derav også namnet «rørosfe». Namnet sida er ein type fargefordeling som er vanleg i dei tradisjonelle nordiske ferasane. Det som har gitt opphavet til denne nemninga er at sidene har ein annan farge enn kroppen. I Nord-Noreg var feet i byrjinga mindre einsarta enn i Trøndelag. Det var mykje svartsida og raude dyr, og også horna individ. Det var stor usemje om kva for ein rasestandard ein skulle velje, men valet fall til slutt på den svartsidete typen det vart satsa på i Trøndelag. Med dette valet fekk ein føremonen med eit stort einskapleg avlsområde for rasen.

Sida trønderfe og nordlandsfe (STN) vart rekna som same rase frå 1920-åra.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

STN er ein mjølke- og kombinasjonsrase tilpassa tilhøva i dal- og fjellbygdene. Kyrne har ein gjennomsnittleg levandevekt på snaut 450 kg. Dyra er i dag naturleg kollute, og fargen er oftast svartsida, men det finst òg raudsida og brannsida dyr. Det kan vere stor skilnad i forholdet mellom svart og kvitt, alt frå nesten svart med kvit stripe over ryggen, til nesten kvite dyr med få svarte dropler (punkt) på sidene. Rasen er som oftast svart eller farga rundt auge, øyrer og på mulen. STN-kua er finlemma, godlynt og kjend for å ta seg lett fram i terrenget. Dyra er tidleg kjønnsmogne og kyrne viser god brunst. Produksjonen på første kalven er som regel moderat, men aukar med alderen. Gjennomsnittleg årsavdrått på kyr registrert i Husdyrkontrollen er i underkant av 4000 kg. Mjølka har eit feittinnhald på 4,2 % og proteininnhald på 3,5 %. Det finst i dag cirka 1000 reinrasa kyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]