Siddis kickboxingklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Siddis kickboxingklubb blei stifta 20.oktober 2002 av Ronny B Hagen, Ivar Varpe, Ellen Dahl og Roger Bøthun. Siddis kickboxingklubb hadde sitt utspring i Stavanger kickboxing team som blei starta av David Keffle tidleg på 1990-tallt og utøvarar frå andre klubbar (Fana kbk blant anna).

Siddis KBK var etablert som namn eit par år før stiftingsdato og treningane vart haldne på Madlaveien i dei gamle lokala til Toyota midt mellom Madlakrossen og Madlaleiren. Sommaren 2002 flytta klubben til Eiganes Nærmiljøsenter og styrkte samarbeidet med Dingo bokseklubb i form av felles treningslokale, boksering, matter etc.

Pr. 31. desember 2005 var det i alt 82 medlemmer frå 12-40 år og det var iver, treningsglede og godt miljø og klubben fekk fram fleire tallent som hausta pallplasseringar i NC og NM. Klubben var representert i greinene; Lettkontakt, semikontakt og musical forms.

I tida klubben var aktiv var han medlem i NKBF og Rogaland Idrettkrets

Avtalen med Eiganes nærmiljøsenter blei etter kvart sagt opp og skulen ynskte å bruke lokala til andre formål. Etter ein lang kamp med politikarar, og styre og stell var kampen over. Siddis og Dingo gjekk kvar til sitt og Siddis dreiv ei stund vidare i lokale på Hundvåg. Eit par år etter stordomstida med over 80 medlemmer på årsbasis var det over og klubben la ned sitt virke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]