Stjernedøgn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Siderisk døgn)
På ein prograd planet som jorda er det sideriske døgnet kortare enn soldøgnet. Ved tid 1 er sola og ei kjend stjerne begge rett opp. Ved tid 2 har planeten rotert 360° og den fjerne stjerna er rett opp igjen (1→2 = eit siderisk døgn). Men det er ikkje til litt seinare, ved tid 3, at sola igjen er rett opp (1→3 = eit soldøgn)

Eit siderisk døgn er tida der tar jorda å rotere 360°, eller meir presist den tida det tar ei typisk stjerne å gjere to etterfylgjande øvre meridianpassasjar. Dette er litt mindre enn eit soldøgn. Det er 366,2422 sideriske døgn i eit tropisk år, men 365,2422 soldøgn. Dette gir eit siderisk døgn på 86 164,09 sekund (eller: 23 timar, 56 minutt og 4,09 sekund).

Grunnen til at det er eit døgn meir sideriske enn «normale» døgn er at banen til jorda gjer at vi mistar eit døgn, med andre ord, ein person på jorda opplever 365 1/4 dagar sjølv om planeten sjølv roterte 366 1/4 gonger (jorda roterer same veg som ho går rundt sola sett ovanfrå, mot klokka).

I siderisk tid er midnatt da det første punktet til Væren kryssar den øvre meridianen.

Ein gjennomsnittleg siderisk dag er ikkje rekna etter den reelle passasjen, men frå passasjen av det gjennomsnittlege vårjamdøgnpunktet (sjå: gjennomsnittleg sol).

Sjå au[endre | endre wikiteksten]