Sidney Godolphin, 1. jarl av Godolphin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sidney Godolphin, 1. jarl av Godolphin
Sidney Godolphin, 1st Earl of Godolphin by Sir Godfrey Kneller, Bt (2).jpg
Fødd 15. juni 1645
Breage
Død

15. september 1712
St. Albans

Yrke politikar
Sidney Godolphin, 1. jarl av Godolphin på Commons

Sir Sidney Godolphin, 1. jarl av Godolphin, KG, PC (15. juni 164515. september 1712) var ein leiande britisk politikar seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet og guvernør på Scillyøyane.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han kom frå ein gammal familie frå Cornwall. Han vart ein av favorittane til kong Karl II av England, og kom inn i Underhuset for Helston i Cornwall. Han talte sjeldan i Underhuset, og når han gjorde det, så var han kortfatta. Likevel fekk han gradvis rykte for å vere sjefen i Underhuset. I 1668 mekla han mellom kongen og systera hans, prinsesse Henriette Anna (kona til hertugen av Anjou), for å sikre ein avtale med kong Ludvig XIV av Frankrike, der Karl sa opp alliansen med nederlendarane mot fransk betaling.[1] Den 12. september vart Godolphin utpeikt til kongeleg kammertenar med ein pensjon på £500 per år. I 1669 fekk han ei 31 år leige på alle tinngruver i Rialton og Retraigh i Cornwall.[1]

Karl utpeikte Godolphin som spesialsendebod til Ludvig XIV i 1672 for å forsikre den franske kongen om at Karl støtta han før Ludvig gjekk til åtak på nederlendarane. Godolphin var med Ludvig i felten under den fransk-nederlandske krigen, men var lite imponert over Ludvig som militær kommandant.[1]

I mars 1679 vart han utpeikt som medlem av Privy Council og i september same året vart han i lag med grev Hyde (sidan jarlen av Rochester) og jarlen av Sunderland, til sjefsforvaltninga av statlege affærar.

Sjølv om han stemnde for Exclusion Bill i 1680, heldt han fram i embetet etter at Sunderland var oppsagt, og i september 1684 vart han Baron Godolphin of Rialton og overtok etter Rochester som First Lord of the Treasury. Etter at Jakob II tok over trona, vart han kammerherre for dronninga, Maria av Modena, og i lag med Rochester og Sunderland, hadde han stor tillit hos kongen. I 1687 fekk han ansvaret for statskassen.

Han var ein av fem i eit råd som kong Jakob utnemnde for å representere han i London då han reiste med armeen sin etter at Vilhelm av Oranien gjekk i land i England. Han vart seinare utpeikt til å forhandle med prinsen. Då Vilhelm tok over trona, var det Godolphin som styrte statsaffærane. Han trekte seg attende i mars 1690, men vart kalla attende november same året og utpeikt til minister.

Han heldt dette embetet i fleire år, og i lag med John Churchill (den framtidige hertugen av Marlborough), dreiv han ein hemmeleg korrespondanse med Jakob II, og det er sagt at han gav Jakob informasjon om eit planlagt åtak på Brest. Etter at Fenwick i 1696 innrømde eit mordforsøk på Vilhelm III, vart Godolphin avslørt og tilbaud seg å seie frå seg stillinga si, men då Tory-partiet kom til makta i 1700, vart han igjen utpeikt som finansminister og heldt dette embetet om lag eit år. Sjølv om han teknisk sett ikkje var ein favoritt hos dronning Anne, vart han etter at ho tok over utpeikt til det gamle embetet sitt, etter sterk anbefaling frå Marlborough. I 1704 vart han òg riddar i Hosebandsordenen og i desember 1706 vart han gjort til grev Rialton og jarl av Godolphin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Roy A. Sundstrom, ‘Godolphin, Sidney, first earl of Godolphin (1645–1712)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, May 2009, henta 20. mai 2011.