Sierra Madrona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sierra Madrona sett frå Los Rehoyos

Sierra Madrona er ei fjellkjede i Spania i Sierra Morena. Ho ligg i provinsen Ciudad Real i regionen Castilla-La Mancha og nær grensa til provinsane Córdoba og Jaen. Fjellkjeda grensar til Robledillodalen, Sierra de la Solana og Humbria de Alcudia i nord, Motorodalen i aust, åsane Andújar, Sierra Morena, Sierra Quiteria og Los Pedroches i sør og Yeguasdalen i vest. Dei høgaste fjella er Bañuelas peak, 1324 moh; Corral de Borros 1312 moh og Rebollera 1161 moh.

Fjella er kalla opp etter madroño eller madroña (jordbærtre Arbutus unedo) som det er mykje av i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]