Sierra Nevada de Santa Marta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta
fjell
none  Sierra Nevada sett frå ValleduparFoto: Wikimediabrukar Nick29
Sierra Nevada sett frå Valledupar
Foto: Wikimediabrukar Nick29
Land {{landdata Magdalena-departementet
Cesar-departementet
La Guajira-departementet (Colombia)
landflagg2 namn = Magdalena-departementet
Cesar-departementet
La Guajira-departementet (Colombia)
variant = storleik =

}}

Høgd 5 775 moh, moh
Koordinatar 10°50′18″N 73°41′12″WKoordinatar: 10°50′18″N 73°41′12″W
Wikimedia Commons: Sierra Nevada de Santa Marta

Sierra Nevada de Santa Marta er ei fjellkjede lengst nord i Colombia, men isolert og skilt frå Andes-fjellkjeda som går gjennom landet frå nord til sør. Det høgste fjellet når ei høgd på ca. 5775 moh. berre 42 kilometer frå den karibiske kysten, det gjer Sierra Nevada til verdas høgste kystområde. Sierra Nevada omfattar ca. 17 000 km2 og fungerer som kjelda til 36 elvar. Fjellkjeda ligg innanfor tre departement, desse er Magdalena i vest, Cesar i søraust og La Guajira i nordaust.

Det høgste punktet i Sierra Nevada, og Colombia generelt, er rekna å vere Pico Cristóbal Colón på 5775 moh.[1][2] Fjelltoppen like ved, Pico Simón Bolívar, er omtrent på same høgd og begge ligg i kommunen Aracataca.

Sierra Nevada er ei kompakt fjellkjede, med etter måten lite arealutbreiing i området, og fullt omgjeve av lågtliggande landområde med høgder som ligg under 200 m. Hovudryggraden i Andes kan ikkje nåast frå Sierra Nevada utan å gå under 200-meternivået. Dette gjev det høgaste punktet her verdas femte største primærfaktor.

Fleire toppar i Sierra Nevada er synlege frå Cerro Paramillo, ein 3730 m[3] høg topp i vestlege Andes, Antioquia-departementet. Dette inneber ei teoretisk direkte synslinje på i overkant av 500 kilometer, rapporterte å vere den lengste avstanden mellom to punkt på jordoverflata som ligg i synslinje.[4]

Årleg gjennomsnittleg nedbør er estimert til 4000 mm i høgder på 500 m til 1500 moh.[5] Temperaturen varierer mellom 0 ° C og 27 ° C.[6]

Det er hevda at Sierra Nevada de Santa Marta har verdas største konsentrasjon av endemiske og truga artar av amfibium og fuglar.[7] Nasjonalparken Parque Nacional Natural Sierra Nevada de Santa Marta blei oppretta i 1964. Han bidrar til å verne biomangfaldet i området.

Biologisk mangfald[endre | endre wikiteksten]

Den tropiske regnskogen består av fleirårige tre, med trekroner mellom 30 m til 40 m. Det er ein stor variasjon og store bestandar av epifyttar og lianar,[5] og meir enn 3000 artar av karplanter er funne i området.[8] Urfolka lagar ein alkoholhaldig drikke frå fruktene av palmen Attalea maripa funne på lågare høgder.[5]

Det er registrert 126 endemiske planteartar i området, og meir enn 120 artar av ryggstrengdyr, av dette er det 22 endemiske fugleartar,[9] til dømes 6 endemiske kolibriar. Området er heimen til totalt 440 fugleartar,[5] mellom anna masketannvaktel, Odontophorus atrifrons, kongekondor, Sarcoramphus papa, andeskondor, Vultur gryphus, bambusparula, Myiothlypis basilica og ei rekkje artar med namn etter området: Santamartakjerrsporv, santamartakolibri, santamartalauvgranskar, santamartamaurfugl, santamartamaurpitta, santamartaparakitt, santamartatapakulo, santamartasabelveng, santamartastifthale, santamartasmett og santamartatyrann. Det finst om lag 120 pattedyrartar har, og av dei er ein endemisk.[10]

Ei rekkje ulike økoregionar, varierande med høgda, er knytt til Sierra Nevada de Santa Marta. Dei inkluderer:

Santa Marta fjellskogøkoregion som ligg i over 500-800 moh. og omringer dei høgste fjella i sentrum. Han er åtskilt frå fuktige låglandskogar og frå tørr skog og tørrkrattregionen. Flora i fjellskogøkoregionen er prega av høgd og nedbør.[11]
Santa Marta páramo er eit høgtliggande belte av fjellgrassletter og krattskog, òg med myrar. Beltet opptek sona mellom 3300 m og opptil 5000 m. Santa Marta páramo er den nordlegaste enklaven av páramo i Sør-Amerika, og finst langs andesbeltet. Over 5000 m meter ligg ei evig snøkappe.

I nordlege og vestelege utkant finn ein fuktige låglandsskogar i høgdeområdet mellom 500 meter og 900 m. Over 900 moh. er det ein overgangskogsone til mindre tre og palmar.

Tåkeskogar oppstår over 1000 moh., frå 1000 m til 2500 m dannar dei trekroner som er 25 m til 35 m høge, medan høgare områda, mellom 2500 m og 3300 m, har tre som veks til 15 m til 20 m i høgda.

Guajira-Barranquilla tørrkrattregion ligg både nordvest og aust for Sierra Nevada de Santa Marta mot den karibiske kysten og inn i Venezuela.[12]

Nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Parque Nacional Natural Sierra Nevada de Santa Marta er den nest eldste nasjonalparken i Colombia, etablert i 1964.[13] Han ligg innanfor fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta med eit utspring mot kysten i nord.[14]

Elvane i parken drenerer til Det karibiske havet anten direkte gjennom elvar som Rancheria, Don Diego, Palomino og andre, eller gjennom Magdalena-elvesystemet som omfattar Ciénaga Grande de Santa Marta, med elvane Cesar, Ariguaní, Aracataca og andre. Om lag 1,2 millionar menneske er avhengig av ferskvatn frå Sierra Nevada de Santa Marta.[8][13] Det er for tida rundt 30 000 menneske frå urfolksgruppene koguis, arhuacos, kankuamos og wiwa som bur i området.[6] Denne parken er òg heimen til restane av tairona-kulturen. I 1979 vart parken peikt ut som eit biosphere reserve av UNESCO.[6][15] I ein rapport frå Verdas naturvernunion i 2013, blei parken definert som den mest uerstattelege parken i verda for truga artar.[13]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Området har metamorfe bergartar frå krittida, hovudsakleg skifer og gneis, og kvartsdiorittisk intrusjonar av tertiær alder. Kvartær av Sierra Nevada de Santa Marta er i hovudsak representert ved kolluviale til alluviale avsettingar og av nyare marine strandavsettingar. Kysten av den nordvestlige delen av Sierra Nevada de Santa Marta er oppstykka av vekslande nes og tektonisk kontrollerte bukter mot nord-nordvest. Nesa er vanlegvis 100 til 150 meter høge og har bratte klipper i skifer og granitt, medan buktene er fylte av alluviale dalavsettingar. Strandlinja langs buktene er typisk bratte, har strender med svært grov sand til granulatar erodert frå tilstøytande fjellklipper og elveavsettingar. Her finst òg breiare strender og eid med rikelege steinerosjonsrestar og staurar.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Peakware, World Mountain Encyclopedia: Pico Cristobal Colon
  2. «Sierra_Nevada_de_Santa_Marta» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. http://www.peakbagger.com/peak.aspx?pid=8351
  4. http://www.viewfinderpanoramas.org/panoramas.html#longlines
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Villegas & Sesana 2007, s. 381
  6. 6,0 6,1 6,2 «Parque Nacional Natural Sierra Nevada de Santa Marta». http://www.parquesnacionales.gov.co/PNN/portel/libreria/php/decide.php?patron=01.020224. 
  7. «Protecting Irreplaceable Biodiversity, Colombia - Rainforest Trust». https://www.rainforesttrust.org/projects/tropical-rainforest/saving-worlds-irreplaceable-biodiversity-colombia/. Henta 29. mars 2015. 
  8. 8,0 8,1 «Colombia: places we protect, Sierra Nevada de Santa Marta». http://www.nature.org/wherewework/southamerica/colombia/work/art5303.html. 
  9. BLI 2014, Endemic Bird Areas, Santa Marta Mountains
  10. Tribin, Rodriguez, Valderrama (1999)
  11. McGinley, Mark. «Santa Marta montane forests». Encyclopedia of Earth. http://www.eoearth.org/view/article/155862/. Henta 29. mars 2015. 
  12. McGinley, Mark. «Guajira-Barranquilla xeric scrub». Encyclopedia of Earth. http://www.eoearth.org/view/article/153168/. Henta 29. mars 2015. 
  13. 13,0 13,1 13,2 IUCN (1982) (på spansk og engelsk), IUCN directory of neotropical protected areas, IUCN, ISBN 978-0-907567-62-2, http://www.archive.org/details/iucndirectoryofn82iucn.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «IUCN» er definert flere gonger med ulikt innhald
  14. Villegas & Sesana 2007, Omrisskisse s. 45
  15. «Biosphere Reserve Information, Sierra Nevada de Santa Marta». UNESCO. http://www.unesco.org/mabdb/br/brdir/directory/biores.asp?code=COL+03&mode=all. Henta 29. mars 2015. 
  16. (Public Domain) USGS - Caribbean Coast: Sierra Nevada de Santa Marta Coast USGS Henta 29. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]