Sierra de Francia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Las Batuecas-Sierra de Francia naturpark
Skumring i Sierra de Francia

Sierra de Francia er ei fjellkjede sør i provinsen Salamanca i Castilla y León i Spania. Ho ligg om lag 70 km frå provinshovudstaden Salamanca.

Det meste av Sierra de Francia har vore ein del av nasjonalparken Parque Natural de Las Batuecas-Sierra de Francia sidan 1978. I lag med nabofjella Sierra de Béjar utgjer dei eit biosfærereservat.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sierra de Francia er ei av fjellkjedene som høyrer til Sistema Central. Dei skogkledde fjellsidene (or, eik, furu og ask) stig opp frå det nordlege Castillaplatået, og markerer den geografiske grensa for dei sørvestlege slettene på platået (Llanura Salmantina). Frå sørsida av fjellkjeda ligg Las Hurdes.

Sierra de Francia består av fleire moderat høge fjell med Pico de La Hastiala (1735 moh) som det høgaste. På toppen av Peña de Francia (1723 moh) står eit av dei høgaste heilagdomane for Jomfru Maria i verda, samt ei TV-antenne. Andre fjell i fjellkjeda er Mesa del Francés (1638 moh) og Pico Robledo (1614 moh). Alle desse toppane er vanlegvis snødekte om vinteren.

Av dalar i fjellkjeda er den mest kjende Rio Francia, som har gjeve namn til fjellkjeda, samt Alagón.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°15′N 6°00′W