Sigbjørn Bernhoft Osa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigbjørn Bernhoft Osa
Fødd3. mai 1910
FødestadUlvik
Død2. februar 1990
OpphavNoreg
Instrumentfiolin, fele
Verka sommusikar, spelemann
FarLars Osa
BornLiv Bernhoft Osa
PrisarJuryens hederspris i Spellemannprisen, Norsk kulturråds ærespris

Sigbjørn Bernhoft Osa (3. mai 19102. februar 1990), fødd i Ulvik i Hardanger, var ein norsk musikar og statsstipendiat i folkemusikk og busett på Voss. Han var son til kunstmålaren Lars Osa og bror til journalisten Theodor Bernhoft Osa. Sigbjørn spela både fiolin og hardingfele og var den mest kjende utøvaren på det sistnemnde instrumentet i det 20. hundreåret.

Livsverk[endre | endre wikiteksten]

Osa vart fødd i Ulvik, men familien budde i nokre år i Valle i Setesdal før dei flytte til Voss. Faren Lars Osa spela fele, og det viste seg snart at sonen hadde talent. Bernhoft Osa flytte til Oslo for å få fiolinutdanning av Bjarne Brustad som 16-åring. I 1920 til 1930 var han elev på ein orkesterskule i Bergen, og i 1931 - 32 fortsette han fiolinstudia sine i Berlin. og debuterte som fiolinist i Oslo i 1937. Like etter andre verdskrigen fekk han stilling som fiolinist i det som skulle verta Kringkastingsorkesteret, samtidig med at han spelte i fleire andre orkester.

Etter kvart byrja Bernhoft Osa å satsa for fullt på hardingfele. Han gjorde ei rekkje innspelingar på grammofon både som solist og med orkester og heldt mange konsertar og turnear både i Noreg, Europa og USA. Som ein av dei første folkemusikarane i Noreg let han musikken sin få samklang med moderne musikalske uttrykksformer, som t.d. i samarbeidet sitt med popgruppa «Saft» frå Bergen. Han hadde ei rekkje framføringar både i radio og fjernsyn, og var elles ein etterspurd foredragshaldar.

Osa hadde i ei årrekkje tillitsverv i Voss Spelemannslag og i Landslaget for spelemenn. Osa var initiativtakar til, og musikalsk leiar for Ole Bull Akademiet på Voss, som gjev undervisning i norsk folkemusikk. Han vart elles utnemnd til æresborgar av staten Washington i 1968, fekk Norsk kulturråds ærespris i 1976, Spellemannsprisen sin heiderspris og Torkjell Haugerud-prisen med gullmedalje.

Sigbjørn Bernhoft Osa var far til skodespelaren Liv Bernhoft Osa.

Bøker av Bernhoft Osa[endre | endre wikiteksten]

  • Hardingfela, (1952)
  • Spelmannsliv, (1979) i samarbeid med Jostein Mæland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]