Hopp til innhald

Sigbjørn Hølmebakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigbjørn Hølmebakk
StatsborgarskapNoreg
Fødd2. februar 1922
Feda
Død

25. november 1981 (59 år)
Oslo

Yrkeskribent, manusforfattar
BornArnstein Hølmebakk, Marianne Hølmebakk
PrisarDoblougprisen, Gyldendals legat
Sigbjørn Hølmebakk på Commons

Sigbjørn Hølmebakk (fødd 2. februar 1922 i Kvinesdal, død 25. november 1981) var ein norsk forfattar. Han var bror av forlagsmannen og forfattaren Gordon Hølmebakk. Hølmebakk var òg aktiv i folkerørsla mot atomvåpen i Noreg. Han var aktiv på venstresida i politikken, mellom anna i høve til avisa Orientering, og var ein av dei som gjorde opptak til stiftinga av Sosialistisk Folkeparti. I 1961 skreiv han artikkelen «Brønnpisserne» om mistenkeleggjering og personforfylgjing av kommunistar og andre radikale.

Hølmebakk debuterte litterært i 1950 med novellesamlinga Ikke snakk om høsten. Som forfattar var han realist, som skreiv om eksistensielle spørsmål med driv og sterke miljøskildringar. Han vart ein folkekjær forfattar før han døydde berre 59 år gamal.

Fleire av Hølmebakk sine romanar vart det laga spelefilm av. Fimbulvinteren (1964) om tyskarane si brenning av Finnmark vart filmatisert som Brent jord i 1969, regi Knut Andersen. Hurra for Andersens vart filmatisert i 1966, regi Knut Andersen. Jentespranget (1970) vart filmatisert i 1973, regi Knud Leif Thomsen. Karjolsteinen (1975) vart filmatisert i 1977, regi Knut Andersen.

Bauta ved Feda skule Kvinesdal.
  • Ikke snakk om høsten noveller (1950)
  • Det hvite fjellet roman, (1954)
  • Menneskefiskeren roman (1956)
  • Salve sauegjeter barnebok, (1959)
  • Emigranten roman, (1959)
  • Fimbulvinteren roman, (1964)
  • Hurra for Andersens roman, (1966)
  • Jentespranget roman, (1970)
  • Tolv trøndere og to andre fortellinger noveller, (1973)
  • Hundevakt, grålysning artiklar, (1974)
  • Karjolsteinen roman (1977)
  • Sønnen roman, (1978)
  • Fredlaustona ikkje fullført, utgjeve (1983)
  • Liljer i snøen noveller og reisebrev frå 1950- og 1960-talet (1992)
  • 13 noveller noveller i samling (2004)
  • Det siste kvarter høyrespel, NRK (1960)
  • Et lite kapitel av en stor manns dagbok høyrespel, NRK (1961)
  • Det siste kvarter NRK fjernsynsteatret (1962)
  • Heltedød til salgs Det Norske Teatret (1968)
  • Pappa er ikke glad i oss lenger NRK fjernsynsteatret (1971)