Sigbjørn Molvik
Sigbjørn Molvik | |||
Fødd | 4. september 1950 (74 år) Volda kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Sigbjørn Molvik (fødd 4. september 1950) er ein norsk lærar og politikar frå Lauvstad i Dalsfjord, Volda. I perioden mellom 2001 og 2005 representerte han Telemark og Sosialistisk Venstreparti i stortinget.
Molvik gjekk på engelsklinja ved Volda Gymnas 1966–1969. Vidare utdanna han seg ved Hamar lærerskole 1971–1974, og studerte historie grunnfag 1974/75. Etter å ha undervist i 20 år ved Kalstad skole i Kragerø, arbeidde han frå 1995 ved Bratsbergkleiva skole i Skien.
Mellom 1991 og 1995 var Molvik medlem i Kragerø kommunestyre. I perioden 1995–2001 hadde han plass i fylkesutvalet for Telemark. Hausten 2001 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark for SV, medlem av Sosialkomitéen.
Molvik var styremedlem i Posten Norge AS frå 2006 og Rikshospitalet HF frå 2008.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]