Sigbrit Willoms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigbrit Willoms

Detalj frå Sigbrit gennemgår toldregnskaberne med Christian II, måleri frå 1873 av Kristian Zahrtmann
Statsborgarskap Danmark
Fødd 15. hundreåret
Død

1532
Nederland

Yrke politikar
Språk dansk
Sigbrit Willoms på Commons

Sigbrit Willums (også skrive Willoms eller Villessoon) var ei kvinne frå Amsterdam som hadde busett seg i Bergen1400-talet. Ho dreiv eit gjestgiveri selde øl og vin på torget i Bergen, men var òg mor til Dyveke, som skulle bli frilla til kong Christian II. Det blei sagt at mor Sigbrit hadde ein finger med i spelet når det gjaldt å kopla saman dei to; i alle fall sette ho seg ikkje imot samlivet, men blei med då prins Christian tok med seg Dyveke til Oslo.

Då Christian blei konge og flytta til København, blei både Sigbrit og Dyveke med dit. Sigbrit Willums blei etter kvart rådgjevar for kongen. I 1517 fekk ho ansvaret for toll-, finans og myntvesenet i Danmark. Ho fekk dermed stor økonomisk makt, og sørgde for interessene til middelklassen, noko adelen sette liten pris på.

Dyveke døydde i 1517, men Sigbrit mista ikkje den sterke stillinga si. I staden blei ho ein morsfigur for den ektevidde dronninga til Christian II, Isabella eller Elisabeth av Burgund.

Då den hardhendte kongen blei driven frå landet måtte Sigbrit også flykta. Ho skal ha blitt boren i ei kiste slik at folk ikkje skulle få auge på og mishandla henne. Sigbrit Willums drog tilbake til nederlanda, og budde i mai 1531 i Gent. Sidan har det vore hevda at ho blei brend som heks.