Hopp til innhald

Sigderemittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigderemittar
Grønsigderemitt, Eutoxeres aquila, i Costa Rica
Grønsigderemitt, Eutoxeres aquila, i Costa Rica
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Eremittar Phaethornithinae
Slekt: Sigderemittar Eutoxeres
Reichenbach, 1849

Sigderemittar (Eutoxeres) er ei biologisk slekt av kolibriar med umiskjenneleg sterkt nedbøygd nebb og stripete underside. Dei lever i fuktig og nedre fjellskogskratt. Slekta omfattar to artar heimehøyrande i neotropane. Utbreiingsområdet deira strekkjer seg frå nord i Costa Rica i Mellom-Amerika til nordvest i Bolivia i Sør-Amerika, hovudsakleg langs Andesfjella.

Det vitskaplege slektsnamnet Eutoxeres kjem frå gresk, der eu tyder ‘fin’ eller ‘god’, og toxērēs tyder ‘bogeskyttar’.[1]

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Fuglane i denne slekta er mellomstore, kraftig bygde kolibriar, mellom 12 og 15 cm lange, og er lett gjenkjennelege på dei sterkt nedoverbøygde nebba som nesten formar ein 90-graders vinkel. Fjørdrakta er dempa i fargane, med kvitaktig underside tett stripete med mørkebrunt til svartbrunt. Stjerten er sterkt gradert med kvite tuppar på stjertfjørene. Sigderemittar held til i fuktige fjell- og låglandsskogar, i opne område nær skog, skuggefulle sukkerrøyrfelt og anna dyrka landskap. Kjønna er like.

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Eutoxeres i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[4]

BileteNorsk namnVitskapleg namnAutorUtbreiing
GrønsigderemittEutoxeres aquila(Bourcier, 1847)
RuststjertsigderemittEutoxeres condamini(Bourcier, 1851)
Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 154. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 13. juni 2025
  3. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). nn. juni 2025. søk på Eutoxeres
  4. BirdLife International (2024). «Empidonax». IUCN - Global raudliste. Henta 13. juni 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sigderemittar