Sigerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°38′15″N 15°30′39″E

Sigerfjorden sett frå Stortind

Sigerfjord er ein fjord i Sortlandsundet i Sortland kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 8 km inn til garden Austpollen.

Fjorden har innløp mellom Kjerringneset i nord og Brokløysklubben i sør. Kjerringøya og Åserøya ligg midt i innløpet. Like nordaust for Åserøya ligg tettstaden Sigerfjord. På andre sida av fjorden, litt lenger inn, ligg grendene Spjutvik og Husvik. Fjorden går først rett austover, men ved Husvik svingar han sørover til Vangpollneset, der han snur austover igjen. Riddarset ligg rett nord for neset. På vestsida av Vangpollneset ligg vika Vangpollen, medan den inste delen av fjorden inn til botn av fjorden vert kalla Austpollen.

Riksveg 822 går langs heile sørsida av fjorden.