Sigfrid
Sigfrid er er eit namn med opphav i norrønt Sigfríðr som er samansett av orda for «siger» og «vakker». Namnet er i Noreg i dag eit kvinnenamn, men det er i andre land, tidlegare òg i Noreg, bruka som mannsnamn, som ei sideform til namnet Sigfred eller Sigfried. Nordover i Noreg er namnet helst bruka i forma Sigfrida.
Kvinner som heiter Sigfrid har namnedag 12. juni i Noreg.
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
- I 1801 finn vi ikkje namnet Sigfrid i folketeljingslistene.
- I 1900 var nær 350 manntallsførte med namnet Sigfrid, om lag 150 med namnet Sigfrida.
- Per 1.1.2007 har vel 570 kvinner Sigfrid til første fornamn, 15 heiter Sigfrida. 4 kvinner og 7 menn har Sigfried som første fornamn.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Sigfrid hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget