Siggjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siggjo
fjell
Siggjo
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bømlo kommune
Høgd 474 moh.
Primærfaktor 474 m
Kart
Siggjo
59°44′52″N 5°17′44″E / 59.747777777778°N 5.2955555555556°E / 59.747777777778; 5.2955555555556
Wikimedia Commons: Siggjo

Siggjo er med sine 474 moh. det høgste fjellet i Bømlo kommune og ligg på øya Bømlo. Fjellet har ein karakteristisk fasong, er synleg frå store delar av Sunnhordland og er attkjenneleg frå langt til havs og frå fjelltoppane rundt Bergen. Siggjo har difor vore eit kjent innsiglingsmerke. Frå toppen kan ein sjå frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør.

Siggjo sett frå vest. Leirvik på Stord i bakgrunnen oppe til venstre.

Fjellet er eit populært turmål, og det er gode vegar og stigar som fører til toppen.

Siggjo har kome til ved vulkansk aktivitet, og i fjellsida finst det mykje av bergarten rhyolitt. Rhyolitten vart i steinalderen broten ut og bruka til å laga reiskapar av.

Stundom kan det vere skya på toppen av Siggjo, og dette inngår i eit ordtak på Bømlo som seier at «Når Siggjo tar hatten på, då blir det vatn å få».