Sigismund II August av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigismund II August av Polen
Cranach the Younger Sigismund II Augustus.jpg
Storfyrste av Litauen og konge av Polen
Regjeringstid15691572
Fødd1. august 1520
FødestadKraków
Død7. juli 1572
DødsstadKnyszyn
GravstadWawel-katedralen
EtterfølgjarHenrik III av Frankrike
Gift medElisabeth av Østerrike, Barbara Radziwiłł, Katharina av Østerrike
DynastiHuset Jagello
FarSigismund I av Polen
MorBona Sforza
BornBarbara Woroniecka

Sigismund II August (polsk Zygmunt II August, litauisk Žygimantas Augustas, 1. august 15207. juli 1572) var storfyrste av Litauen frå 1530 og konge av Polen frå 1548. Han sameinte Polen og Litauen gjennom Lublinunionen den 1. juli 1569 til Det polsk-litauiske samveldet.

Sigismund II August var son av Sigismund I og Bona Sforza av Milano. Han var bror av Katarina Jagellonerinnen og svoger av Johan III av Sverige.

Gjennom forsøket sitt på å balansere mellom katolisismen og protestantismen utan heilt å ta stilling, og gjennom det andre ekteskapet sitt med kalvinisten Barbara Radziwiłł, fekk Sigismund II August erfara ein maktkamp med szlachtaen i landet og mellom dei religiøse fraksjonane.

Han fikk ingen legitime arvingar, og var den siste polske monarken frå Huset Jagiełło. Han blei etterfølgd av eleksjonskongen Henrik III.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]