Sigmakoordinatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sigmakoordinatar er ein vertikal koordinat som ofte vert brukt i generelle sirkulasjonsmodellar. Dette fører til at dei nedre grensevilkåra vert enklare ved at dei følgjer topografien på jordoverflata. Ein sigmakoordinat er definert som forholdet mellom trykket i eit gjeve punkt i atmosfæren og trykket på overflata direkte under.

Når sigma er lik 1 vil ein då vere ved overflata. Når sigma = 0,84 så tyder det at ein er i ei høgd i atmosfæren der trykket er 0,84 gonger trykket ved overflata. Det midla trykket i havnivå er 1013 hPa, så sigma = 0,84 tilsvarar (i snitt) eit trykk på om lag 850 hPa.

Overflatetrykket på jorda varierer i lag med høgda over havet, og på grunn av variasjonar i vêret. Sjølv om overflatatrykket i snitt er 1013 hPa ved havnivå, så er det mykje lågare i høgre område, som Tibetplatået. Ei trykkflate over Tibetplatået på sigma = 0,84 er mykje mindre enn 500 hPa. Trykkverdien som høyrer til ein sigmakoordinat kan variere stort over høge fjell, men sidan det meste av landområda på jorda er nær eller ved havnivå er det likevel nyttig å tilnærme trykket med ein sigmaverdi. Ein må derimot merke seg at det verkelege trykket kan vere ganske forskjellig frå det tilnærma trykket i høge område.