Sigmund Hoftun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigmund Hoftun
Fødd 1931
Død

1985

Yrke skribent, forleggjar

Sigmund Hoftun (19311985) frå Herad i Gol kommune i Hallingdal, dr. philos frå Universitetet i Oslo på ei avhandling om den franske forfattaren André Malraux, var redaktør i bokforlaget Gyldendal i Oslo frå 1958 til 1984.

Sigmund Hoftun er kjend for å ha introdusert dei limbundne kvalitetsbillegbøkene med mjuke permar i Noreg ved etableringa og redigeringa av dei skjønnlitterære og faglitterære seriane Lanternebøkene og Fakkelbøkene. Dessutan skipa og redigerte han saman med Erik Rudeng (seinare direktør i Institusjonen Fritt Ord) det leiande og omdiskuterte litterære tidsskriftet Gyldendals aktuelle magasin (GAM), som kom ut med eit nummer kvart halve år frå 1977. Men det vart berre med sju nummer i alt, for direktøren i forlaget frå 1 januar 1980, Andreas Skartveit, fastsette med ei økonomisk grunngjeving at både dette tidsskriftet og tidsskriftet Poesi Magasin, som Hoftun òg hadde som sitt hjartebarn, skulle leggjast ned.

Tilsettinga av Andreas Skartveit som direktør i Gyldendal markerte byrjinga på den nye tida i forlagsbransjen, kjenneteikna ved at det vart lagt større vekt på økonomiske enn kulturelle tilhøve som Gyldendal under den tidlegare direktøren, Brikt Jensen, hadde vore styrt etter, og som fram til denne tida hadde vore hovedgrunngjevinga for å drive seriøs forleggjarverksemd. Stendig vart det no stilt krav om at kvart einskild bokprosjekt skulle kunne stå på eigne økonomiske bein, og helst gje overskott, for å bli noko av.

I motsetnad til den økonomisk orienterte Skartveit, stod den eldre Hoftun på dei gamle ideala, og hadde i eigenskapen av «kronprinsen» i forlaget vona å få direktørstillinga. Difor har det vore hevda at det skismaet som oppstod i forlaget mellom den gamle og nye måten å drive eit bokforlag på, var ei sterkt medverkande årsak til at Hoftun ein dag i byrjinga av 1985 rydda i løynd opp i papirbunkene på kontoret sitt, forvissa seg om at ingen forfattar hadde uoppgjorte honorarkrav, og seinare gjorde alvor av ein sjukleg tanke om å vandre ut i skogen for aldri å kome levande attende. Forfattarar, kollegaer og vener leita etter han, men han vart ikkje funne før snøen bråna våren 1985.

Fagbøker av Sigmund Hoftun[endre | endre wikiteksten]

  • Fransk treklang : Pierre Corneille, Leconte de Lisle, André Malraux. Oslo 1973: Gyldendal. ISBN 82-05-06076-2
  • Pessimisme og poesi hos Leconte de Lisle. Edda 1970 : 3. Oslo 1970
  • Mål og metoder i litteraturforskningen : dokumenter fra norsk litteraturdebatt, ein antologi ved Sigmund Hoftun og Rolf Tobiassen. Oslo 1969: Gyldendal.
  • André Malraux og menneskets verdighet. Oslo 1967: Gyldendal.
  • Mennesket og kunsten : kunstfilosofiske tekster / André Malraux ; presentert og oversatt av Sigmund Hoftun. Oslo 1967: Gyldendal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]