Sigmund Monen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigmund Monen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. august 1940 (83 år)

Sigmund Andreas Monen (fødd 29. august 1940) er ein norsk pensjonert adjunkt og kulturpådrivar i Evje og Hornnes kommune. Han arbeidde ved Evje skule, men er mest kjend som pådrivar for å få etablert eit bygdemuseum i kommunen. I arbeidet med Fennefoss museum kom han i kontakt med steinmannen Theodor Gautestad og var sjølv interessert i stein og mineral. Mykje av innsatsen hans var knytt til å sikre dei verdifulle minerala i museet sine samlingar.

Heider[endre | endre wikiteksten]

15. februar 2008 vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i sølv av ordførar Bjørn Alfred Ropstad ved eit arrangement på Fennefoss museum. På diplomet stod det at han var lektor, men det ville han ikkje at det skulle stå. Difor sende han det tilbake til kongen. Kongen gjorde om avgjerda om å gje han sølv og tildelte ved nytt vedtak 25. mars 2008 Kongens fortenestemedalje i gull. Denne fekk han tildelt 25. november av konstituert fylkesmann Svein Åril.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]