Sigmund Moren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigmund Moren
Fødd 27. november 1913
Trysil
Død

4. februar 1996
Elverum

Yrke språkforskar, skribent, litteraturkritikar, barnebokforfattar, filolog

Sigmund Moren (27. november 19134. februar 1996) var ein norsk forlags- og skulemann, samt barnebokforfattar frå Trysil. Han var son til Sven Moren, og bror til Halldis og Torleiv Moren.

Sigmund Moren studerte i Oslo på 1930-talet, formann i Studentmållaget i 1935. Frå 1935 til -37 var han lærar ved Elverum folkehøgskule. Deretter livnærte seg som skribent, mellom anna som teatermeldar med meir i Norsk Tidend gjennom tjue år, 1937-57. Han var formann i Bondeungdomslaget 1939-41 og 1946. I 1943 tok han cand.mag-eksamen ved Universitetet i Oslo. Frå 1945 til -56 arbeidde Moren i Gyldendal forlag. Deretter var han rektor ved Elverum folkehøgskule frå 1957.

Moren debuterte som barnebokforfattar i 1953 med Dimmi får vener, som vann Dammprisen 1953. Fire år seinare kom Nattegjester på Jonsvangen. I 1946 var han redaktør for leseverket Norsk litteratur for ungdom. Elles sette han barne- og skulebøker om til norsk og redigerte nye utgåver av faren Sven Moren sine bøker.

Moren var styremedlem i Det norske teatret frå 1951 og gjennom fleire år medlem i Norsk språkråd. Han var også initiativtakar til Festspillene i Elverum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]