Sigmund Selberg
Utsjånad
| Sigmund Selberg | |||
| Fødd | 11. august 1910 Langesund | ||
|---|---|---|---|
| Død | 20. april 1994 Trondheim | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | matematikar | ||
| Institusjonar | Noregs tekniske høgskole | ||
| Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Norske Videnskaps-Akademi Koninklijke Hollandsche Maatschappij der Wetenschappen | ||
Sigmund Selberg (fødd 11. august 1910 i Langesund i Bamble, død 20. april 1994 i Trondheim) var ein norsk matematikar. Han arbeidde særleg innan analytisk primtalsteori.
Han var tvillingbror til Arne Selberg, og bror av Atle og Henrik Selberg.
Han tok doktorgraden i 1942 og vart professor i matematikk i 1947 ved NTH, der han var fram til han nådde aldersgrensa i 1977.
Selberg vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1943, der han var eit særs aktivt medlem. Han var formann i Matematisk-naturvitskapeleg klasse i fleire periodar og preses for selskapet i 1974–1981. I tillegg var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1953 og av Koninklijke Hollandsche Maatschappij der Wetenschappen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Sigmund Selberg» (14. februar 2012) i Store norske leksikon, snl.no.