Sign of the Times av Petula Clark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sign of the Times
Singel av Petula Clark
frå albumet My Love
B-side

«Time for Love»

Utgjeve March 1966
Innspelt 1966
Sjanger Pop
Lengd 2:55
Selskap Pye 7N 17071 (Storbritannia)
Warner Bros. (USA)
Vogue STU 42223 (DEN)
Låtskrivar(ar) Tony Hatch
Jackie Trent
Produsent Tony Hatch
Petula Clark-kronologi 
«My Love»
(1965)
Sign of the Times «I Couldn't Live Without Your Love»
(1966)


«Sign of the Times» er ein song framført av Petula Clark frå albumet hennar My Love i mars 1966. Det var oppfølgjaren til den store hitten «My Love», som nådde toppen av den amerikanske singellista, og var skriven av Tony Hatch og Jackie Trent.

Songen vart spelt inn i Pye Studios i Marble Arch med gitaristen Big Jim Sullivan og vokalgruppa The Breakaways.

Clark framførte første gongen «A Sign of the Times» på The Ed Sullivan Show den 27. februar 1966. Singelen nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 i april det året og andreplassen på Billboard si Easy Listening-liste.

Frå og med gjennombrotet hennar med «Downtown», nådde alle singlane til Clark høgare på listene i USA enn i Stobritannia. «A Sign of the Times» var eit av dei mest ekstreme døma på dette og songen nådde berre 49. plassen på den britiske singellista. «A Sign of the Times» vart ein hit i Australia (#11) og Sør-Afrika (#2).

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Michèle Richard spelte ein franskspråkleg versjon av songen «Si tu prenais le temps» i 1966 på albumet hennar Action '66.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]