Signal-til-støy-tilhøve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Signal-til-støytilhøve (på engelsk ofte forkorta SNR, Signal-to-Noise ratio) er tilhøvet mellom effekta til eit signal og effekta til støyen. For at ein skal kunne kjenne igjen eit signal er det viktig at det ikkje forsvinn i bakgrunnsstøy. SNR er ein viktig parameter innan signalhandsaming, elektronikk, akustikk, telekommunikasjon, informasjonsteori, osb.

Signal-til-støytilhøve blir definert som

der er effekta i signalet og er effekta i støyen. På grunn av at signal-støytilhøve kan variera over eit stort område uttrykkjer ein det som oftast i dB:

der er RMS-verdien til signalamplituden (spenning eller straum) og er RMS-verdien til støyamplituden. Både signal- og støyeffekt må målast innanfor bandbreidda til systemet.