Signe Greve Dal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signe Greve Dal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mai 1867
Vang kommune
Død

11. august 1944 (77 år)

Yrke forfattar, lærar, skribent
Far Mathias Sigwardt Greve
Born Ingerid Dal
Signe Greve Dal på Commons

Signe Greve Dal (18. mai 186711. august 1944) var ein norsk lærar og forfattar. Ho skreiv biografiar, romanar og var i tillegg skribent i vekebladet Urd.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Signe Greve Dal var dotter av Mathias Sigwardt Greve (1832-1912) og Blanca Olivia Juell (1836-1918). Far hennar var lege, direktør for Rikshospitalet i 1883-1911, og ei betydeleg stemme i den offentlege diskusjonen om folkehelse.[2] Han var av bergensfamilien Greve, medan mor hennar var av den danskætta slekta Juel. Fleire av syskena hennar vart òg betydelege personar i norsk kulturliv. Blant anna var systera Aagot Greve litteraturmeldar i Morgenbladet, broren Adolf Bredo Stabell Greve arkitekt, og systera Ulrikke Greve tekstilkunstnar og forfattar.[3]

Signe gjekk på Nissens lærerinneskole i Kristiania i 1884-1886.[3] I 1894 gifta ho seg med læraren Adolf Martin Dal (1863-1948). Saman fekk dei to barn, mellom dei dottera Ingerid Dal (1895-1985), som var ein av ein av dei fremste forskarane på germansk språkhistorie på 1900-talet.[4] Signe og Adolf jobba som lærarar i Kristiania i byrjinga av ekteskapet. I 1898 flytta dei til Finnmark, der ho fekk stilling som torvmeister i Finnmark, ei offentleg stilling som innebar å ha overoppsyn med kven som kunne ta torv og i kva for myrar.[1]

I 1903 flytta dei til Arendal og mannen hennar gjekk attende til læraryrket. Medan dei budde i Arendal var Signe leiar for Arendals røysterettssamskipnad.[5] I 1908 flytta dei vidare til Drammen. I Drammen byrja Signe først å arbeid som lærer ved Wulfsberg og Bordoes jenteskule[6], før ho så var skrivelærar på Latinskolen i ein periode. I 1919 kom ho attende til Wulfsberg og Bordoes jenteskule i rollen som styrar, ein jobb ho hadde fram til ho vart pensjonist i 1929.[1] Adolf Dal var i denne perioden overlærar og ein aktiv samfunnsdebattant.

Signe og mannen var nære venner av Hulda og Arne Garborg, som dei i ein periode var naboar av på Labråten i Asker. Dei var ein del av den intellektuelle og samfunnsengasjerte kretsen rundt dei.[7]

Forsiden på hennes bok En gammel kjærlighetshistorie om Thomas Carlyle og Jane Welsh Carlyle.
Forsida på hennar bok En gammel kjærlighetshistorie om Thomas Carlyle og Jane Welsh Carlyle.

Debutboka hennar Et Aar frå 1903 handla om rolla som nygift og mor for første gong. Den andre boka hennar, Historier frå røyndomen. Fortalt for større smaapiker, er ei samling forteljingar frå og om betydelege kvinner i historia, blant anna Florence Nightingale, Anne Bidget og Aleksandrine Tinne.

Etter dette skreiv ho to bøker om dei skotske skribentane Jane Welsh Carlyle og Thomas Carlyle og det turbulente tilhøvet deira. Desse bøkene, En gammel kjærlighetshistorie og To mennesker : Carlyle og hans hustru - i breve og dagboksoptegnelser, blant anna basert på brevsamlingar, dagboknotatar og andre biografiar. Dei to bøkene Henriks læreaar. En sandfærdig historie fra Goethes tid og Den gamle mester handla om Johann Wolfgang von Goethe og kretsen rundt han.

Vesthimmelen som kom i 1920 var ein fiktiv brevkorrespondanse mellom to venninner, med kvinneliv som tema. Den siste boka hennar, Dårens tale. Et religiøst opgjør (1934), var ei sjølvbiografisk bok med religion som tema.

Ho skreiv òg fleire artiklar for vekebladet Urd. Artiklane handla om historiske hendingar og personar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «De skriveføre drammensere : drammensdiktere gjennom 220 år», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  2. Kjøll, Georg; Godal, Marit (17. juni 2014). «Store Norske Leksikon: Defining a New Role for an Edited Encyclopaedia». Culture Unbound 6 (3): 629–631. ISSN 2000-1525. doi:10.3384/cu.2000.1525.146629. 
  3. 3,0 3,1 Haaland, Mogens (2002), Hvem var de? : korte biografier av 164 norske kvinnelige forfattere, mest fra "pionertiden" ca. 1840-1920, Prinfo saturn, ISBN 82-996454-0-9, OCLC 464965670, henta 13. november 2021 
  4. Hamre, Torleif R. (15. november 2019). «Ottar Grepstad (red.): Forfattarens skriftstader. Litterære museum i norsk minnepolitikk». Norsk museumstidsskrift 5 (02): 156–159. ISSN 2464-2525. doi:10.18261/issn.2464-2525-2019-02-06. 
  5. «Aust-Agder-arv: årbok for Aust-Agder kulturhistoriske senter. 2005/06». Norper (Aust-Agder kulturhistoriske senter). 2005. ISSN 0572-4368. Henta 15. februar 2019. 
  6. «Dal, Signe Greve (1867 – 1944) | Drammen Byleksikon». Henta 15. februar 2019. 
  7. Strandbu, Åse (1997). «Gutter og jenter i Asker og Bærum. Ungdomsundersøkelsen 1996». NOVA Rapport. ISSN 0808-5013. doi:10.7577/nova/rapporter/1997/5.