Signe Trosten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Signe Trosten
Fødd 30. mars 1970
Tana
Yrke skiskyttar

Signe Trosten (fødd 30. mars 1970) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Tana, medlem i Tana Idrettslag. Ho var med på det norske laget som vann bronse i lagtevlinga under VM i skiskyting 1991.

Trosten fekk ein bronsemedalje ved VM i skiskyting 1991 i Lahti, då ho saman med Synnøve Thoresen, Hildegunn Fossen og Unni Kristiansen vart nummer tre i lagtevlinga over 15 km, slått av det sovjetiske laget med 45 sekundar, og av Bulgaria med eit halvt minutt. Under Vinter-OL 1992 i Albertville enda ho på tiandeplassen på 15 km normalprogram.

Nasjonalt vann Trosten sølv i NM-sprinten 1992 i Skrautvål, bak Grete Ingeborg Nykkelmo. To år seinare tok ho bronsen i normalprogrammet i Orkdal, bak noregsmeister Hildegunn Fossen og Anne Elvebakk. Trosten la opp då OL-sesongen 1994 var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.