Signy Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 60°43′S 45°36′W
Signy Island
øy
none  Basen på Signy Island
Basen på Signy Island
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Sør-Orknøyane
Stad Antarktis
 - høgd 288 moh
 - koordinatar 60°43′S 45°36′W
Lengd 6,5 km
Folketal 10
Administrert under Antarktistraktaten
Wikimedia Commons: Signy Island

Signy Island er ei lita subantarktisk øy i Sør-Orknøyane. Ho vart namngjeven av den norske kvalfangarkapteinen Petter Sørlle etter kona Signy Therese.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar på Signy Island.

Ho er kring 6,5 km lang og 5 km brei og har ei høgd på 288 moh above sea level. Det meste av øya er permanent dekt av is og middeltemperaturen er kring 0 °C til -10 °C om vinteren (i juli), men temperaturen har vorte målt til mellom 12 og -44 °C.

British Antarctic Survey har Signy forskingsstasjon på øya, ein forskingsstasjon for forsking på biologi. Basen opna 18. mars 1947 der det tidlegare hadde vore ein kvalstasjon i 1920-åra. Stasjonen var bemanna året rundt fram til 1996, og sidan då berre frå november til april. Han husar kring 10 menneske.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Who We Are» (Web). Natural Environment Research Council. http://www.antarctic.ac.uk/about_bas/our_organisation/who_we_are.php. Henta 2007-11-11. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]