Sigrid Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrid Halvorsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mai 1941 (82 år)
Yrke handballspelar

Sigrid Halvorsen (fødd 20. mai 1941) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Brandval i Hedmark som vart nordisk meister i handball 1967 og 1970 med Noreg. Ho vart norsk innandørsmeister 1967 og dobbeltmeister (innandørs og utandørs) i 1969 med Brandval Idrettslag.

Halvorsen spelte 84 landskampar for Noreg i tida 1964-73 og skåra 106 mål. Både i 1967 og 1970 ytte ho mykje då Noreg vann Nordisk meisterskap. Ho deltok elles i Handball-VM 1971 og 1973. Halvorsen vart omtalt som «ein innsatsvillig og kondisjonssterk spiller, som liker å holde seg godt fremme i angrepet, virkelig være i skuddlinjen. Halvorsen var fremste vegbrøytaren då Brandval IL midtvegs i 1960-åra etablerte seg som eit av dei aller fremste norske handballaga på kvinnesida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]