Sigrid Sollund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Sollund
Sigrid Sollund med særdeles populært foredrag om hersketeknikker. (38159073774).jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1976 (45 år)
Yrke Journalist
Organisasjon NRK
Sigrid Sollund på Commons

Sigrid Sollund (fødd i 1976) er ein norsk journalist og forfattar, mest kjend som programleiar i debattprogrammet Dagsnytt 18NRK.

Sollund vaks opp på Skullerud i Oslo. Ho har studert psykologi ved Universitetet i Oslo, produktdesign ved Høgskulen i Oslo og Akershus og journalistikk ved Høgskulen i Volda.[1]

Sidan ho starta som student i praksis i Austlandssendinga i 2001, har ho jobba i Alltid Nyheter, i NRK P2 og i NRK2. Ho har vore reporter og programleiar for Politisk kvarter og Ukeslutt, og har leia partileiarutspørjingar ved fleire stortingsval og debattprogrammet Dagsnytt 18.[2][3]

I 2017 kom Sollund med boka Hersketeknikker: Nyttige og nådeløse, om bruk av hersketeknikkar i politikken, media, familie- og arbeidsliv.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er basert på bokmålsartikkelen om Sigrid Sollund slik den var 29. juli 2019 klokka 13:11.

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Forelska i galskap», universitas.no (på norsk bokmål), henta 29. juli 2019 
  2. «Sigrid Sollund», www.nordiskemediedager.no, henta 29. juli 2019 
  3. Wiberg, Kari Finstad (4. august 2008), «Ukas P2-fjes: Sigrid Sollund», NRK (på norsk bokmål), henta 29. juli 2019 
  4. «Hersketeknikker handler ikke bare om menn som manipulerer kvinner», Minerva (på norsk bokmål), 19. oktober 2017, henta 29. juli 2019