Sigrun Siegl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrun Siegl
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. oktober 1954
Apolda
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Sigrun Siegl, fødd Thon, (fødd 29. oktober 1954) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Apolda i Thüringen som i 1976 vart olympisk meister i femkamp og elles tevla på internasjonalt toppnivå i lengdehopp. Ho representerte Aust-Tyskland.

Sigrun Thon sanka 4 584 poeng og vart nummer fire i femkamptevlinga ved Friidretts-EM 1974. Sesongen etter vart ho austtysk meister i femkamp. I Dresden den 19. mai 1976 sette ho med eit lengdehopp på 6,99 meter ny verdsrekord. Vel to månader seinare under dei olympiske sommarleikane i Montreal måtte ho nøye seg med fjerdeplassen i lengdetevlinga. Derimot vann ho gullmedaljen i femkampen, etter ein drabeleg strid mot landskvinnene Christine Laser og Burglinde Pollak. Både Siegl og Laser sanka 4 745 poeng, Pollak 4 740. Avgjerande for gullstriden mellom Sigel og Laser vart at Siegl hadde flest poeng av dei to i tre av dei fem øvingane; høvesvis hekkeløpet, lengdehopp og 200 meter, slik at Laser måtte nøye seg med sølvmedaljen. Siegl presterte serien 13,31 sekundar - 12,92 meter - 1,74 m - 6,49 m - 23,09 sekundar.

Etter eit lengre skadeavbrot satsa Siegl einast i lengdehopp. I 1979 vann ho øvinga i innandørs-EM med eit hopp på 6,70 meter. Året etter vart ho austtysk meister i lengdehopp, medan ho under sommarleikane 1980 i Moskva enda på femteplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]