Sigurður Breiðfjörð

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurður Breiðafjörð
Sigurdur breidfjord.jpg
Sigurður Breiðfjörð
Nasjonalitet islandsk
Fødd 4. mars 1798
Rifgirðingum i BreiðafjörðurIsland
Død

21. juli 1846 (48 år)
Reykjavík

Yrke bøkker, handelsmann, forfattar og lyrikar

Sigurður Eiríksson Breiðfjörð (4. mars 179821. juli 1846) var ein islandsk lyrikar. Han er ein av dei mest vidgjetne forfattarane som Island har fostra. I tillegg til å vera kjend for diktinga si er han òg kjend for ei noko innvikla livssoge. Breiðfjörð vert, saman med Halldór Laxness, rekna som ein av dei største islandske forfattarane i nyare tid.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Han skreiv på den traditionele islandske diktforma rimur, ei episk diktform skriven i «rímnahættir» (småvers), med andre ord på rimm verseform. Den fyrste boka til Sigurður, «Rímur av Tristani og Indíána» (Tristan og Isolde), kom ut i 1831. I 1833 gav han ut ein diktsyklus om slaget ved Svolder, der Olav Tryggvason døydde i år 1000. Det best kjende diktet hans er Númarímur, eit episk dikt om Numa Pompilius, som kom ut i 1835. Dette rimdiktet vert av mange sett på som det beste av alle rimdikta hans. I 1936 gav han ut fem bøker og tok til å få ry som forfattar. Medan han var på Grønland gav han ut rimdikt om Aristomenes, Platon og om Jomsvikingane, Soga om Gisle Sursson pluss mange fleire. Noko av det han skreiv kom fyrst ut etter at han var død. Sume av manuskripta hans ligg framleis upubliserte i Landsbókasafn Íslands – Háskólabókasafn (Islands nasjonal- og universitetsbibliotek) i Reykjavik.

Islending som resiterer eit utdrag frå Númarrímur.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Sigurður var fødd i Rifgirðingum i Breiðafjörður og vaks opp i Helgafell og på Bíldsey. Foreldra hans var Eiríkur Sigurðsson og Ingibjörg Bjarnadóttir[1]. Då han var 16 år gamal, i 1814, for han til København for å gå i bøkkerlære. Der vart han òg kjent med dansk poesi og vart særs hugteken av dikta til Jens Baggesen. I 1818 kom han heim til Island att og slo seg ned i Ísafjörður,[1] der han arbeidde som bøkker og med handel. Samstundes skreiv han rimdikt og tok til å få ry som diktar.

Då han var 26 år gamal flytta han til Vestmannaeyjar, der han gifta seg med Sigríði Níkulásdóttir. Sigríði fekk eit barn, men det har vore spekulert i at det var kjøpmannen Andreas Petreus som var faren, og at Sigurður tok på seg farskapet[1] for å skåna Petreus. Same året avla han to andre born med to andre kvinner. I 1928 forlet han Vestmannaeyjar.

Etter eit stutt opphald i Helgafell for han attende til København for å studera juss, men det gjekk ikkje så godt med studiane. I staden for han til Grønland, der han arbeidde for danske handelsmenn. Han vart der i tre år og i desse åra skreiv han forskjellige ting, inkludert Númarímur. Han utførte òg snikkararbeid og lærte grønlendingane å fiska hai på islandsk vis.

Deretter slo han seg ned på Stykkishólmur, der han fekk økonomisk støtte av kjøpmannen Árni Ó. Thorlacius, slik at han fekk høve til å arbeida som diktar. Han vart kjend med den rike unge enkja Kristín Illugadóttir, som òg skreiv poesi. Ho budde på den no nedlagde garden Grímsstaðir, i nærleiken av ArnarstapiSnæfellsnes. Kristín skreiv eit kjærleiksbrev på 39 strofer til Sigurður. Sjølv om Sigurður enda ikkje var skild frå den fyrste kona si gifta han seg den 7. januar 1837 med Kristín; bryllaupet stod i Helgafell. Dobbeltekteskap var ikkje berre forbode på Island, men på denne tida var det dødsstraff for denne «synda». Dette førte til ei lang rettsak, som strekte seg over fleire år og som ruinerte ekteparet. Han vart til slutt frikjend, men presten Jóhann Bjarnason som hadde gifta dei, og som var onkel til Sigurður, vart i 1841 frådømt kappe og krage i høgsterett.[1]

Sigurður forlet garden Grímsstaðir i 1840 og døydde nokre år seinare som fattig i Reykjavík i 1846. Han er gravlagd på kyrkegarden på Suðurgata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]