Sigurd Bonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Bonde
Fødd 1412
Død

1482 (70 år)

Sigurd Bjørnson Bonde på Gulsvik (14121482) var norsk lendmann i nedre Buskerud1400-talet, og åtte jord i mange sokn.

Skiftet etter Sigurd Bonde er nemnd i eit norsk diplom frå 1482, der er sagt at han døydde kring kyndelsmesse det året. Av dette diplomet kjem det fram at Sigurd mellom anna åtte Ringnes i Krødsherad, i tillegg til jord i Sigdal. Han var gift tre gonger, siste gongen med ei Una Vebjørnsdotter, og før det med ei søster av biskopen i Oslo. Til saman hadde han fem born, og frå dei kjem ei rik etterslekt som finst i heile Hallingdal, Krødsherad og nedre Valdres.

Sigurd var son av Bjørn Bonde på Gulsvik. Far hans, som og heitte Sigurd, hadde i si tid kjøpt Gulsvik, og bygd opp eigedomen for ætta.

Tilnamnet bonde, som var bore av Sigurd og faren Bjørn, er rekna for å vera jamngodt med ein adelstittel på denne tida. Tilnamnet var og bore av andre framståande bønder i seinmellomalderen, mellom dei Bjørn Bonde på Ås nedanfor Oslo.