Sigurd Brinch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Brinch
Fødd3. oktober 1874
Død1956 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Sigurd Christian Brinch (3. oktober 18731956) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Oslo, busett i Arendal. Han representerte partiet HøgreStortinget frå 1934 til -45.

Far hans, Johan Hønen, var overbanemeister i Hovudjarnbanene. Sjølv tok han eksamen ved Aars og Voss skole i hovudstaden i 1892 og der etter ved Chalmerska Institutet i Göteborg i 1896. Same året fekk han jobb i Hovudjarnbanen, seinare arbeidde han på Kykkelsrudanlegget til 1900. Åra 1900-06 var «assistent engineer» i Natal Government Railways i Natal og Zululand. Han vende då heim til Noreg og var byggeleiar på ulike vasskraftanlegg; Tyssefallene 1906-09, Lifossen i Telemark 1909-12 og Bøylefoss 1912-14. Frå 1912 var Brinch administrerande direktør i Arendals Fossekompani.

Brinch var bystyremedlem i Arendal frå 1928 til 1945, meste tida med plass i formannskapet. Hausten 1933 vart han vald til stortingsmann frå kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, attvald i 1936. Alle sesjonane på Stortinget var han sekretær i Skog- og vassdragskomiteen. Den 9. april 1942 vart han fengsla og skulda for sabotasje, då okkupasjonsmakta meinte han hadde skulda for at det var lite vatn i vassdraget. Han vart sett fri etter ei vekes tid. I 1945 møtte han ikkje på Stortinget og vart erstatta av Erling Johansen.

Brinch var styreformann i Arendals Vassdrags Brukseierforening frå 1915 og medlem i Norekomiteen av 1917.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi Arkivert 2017-12-14 ved Wayback Machine.