Sigurd Christiansen
Sigurd Christiansen | |
Fødd | 17. november 1891 Drammen |
Død | |
Yrke | skodespelforfattar, forfattar, skribent |
Sigurd Wesley Christiansen (17. november 1891–23. oktober 1947) var ein norsk postmann og kulturkonservativ forfattar, fødd og død i Drammen. Som forfattar var han ein «uvanleg djuptloddande psykolog». Hovudpersonane i verka hans strir ofte «med skuldkjensle og religiøs» tvil, og finn ro gjennom moralske prøvingar og offer.
Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]
Christiansen debuterte med romanen Seieren i 1915, og gav i åra framover ut både romanar, fleire skodespel og ei novellesamling. Romantrilogien Indgangen, Sverdene og Riket kom ut i tida 1925-29 og handlar om ein kunstnar som «rømer frå småbyen, men vender tilbake og lærer forstå menneska der, og når sjølv til soning og fred».
I 1931 vart Christiansen landskjend då romanen To levende og en død vart tildelt fyrsteprisen i 'Den nordiske romankonkurranse 1931'. Prisen var på kroner 10 000. Romanen, som vart filmatisert fyrste gongen i 1937, set ekte mot opp mot falskt mot.
Utover 1930- og 40-åra kom nye romanar der Christiansen tok opp ulike etiske spørsmål. I trilogien Drømmen om livet, Det ensomme hjerte og Menneskenes lodd, utgjeven 1935-45, skildrar han «korleis ei kunstnarsjel faldar seg ut». Han vart tildelt Gyldendals legat i 1940.
Christiansen var postfunksjonær ved Drammen postkontor til han i 1945 fekk diktarløn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Norsk Allkunnebok. II. bandet. 1951