Sigurd Håkonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd jarl overtaler kong Håkon den gode til å blote, teikning av Christian Krohg, 1899

Sigurd Håkonsson ladejarl (norrønt: Sigurðr Hlaðajarl) vart fødd om lag 890 og døydde i 962). Han tok over som ladejarl etter at far hans, Håkon Grjotgardsson fall i slaget på Stavnesvågen i Sunnfjord, omkring år 910. Det meste av opplysningane om Sigurd jarl finn vi i Soga om Harald Hårfagre[1], soga om Håkon den gode[2] og soga om Eirikssønene[3]. Han er òg nemnd i Fagerskinna[4] og i «Ågrip»[5] (der er han kalla Sigurd Yrnajarl).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Sigurd hadde brørne Grjotgard Håkonsson og Herlaug Håkonsson og systera Åsa Håkonsdatter. Han vart gift med Bergljot Toresdotter, dotter åt Tore Ragnvaldsson Mørejarl, han dei kalla Tore Teiande. Med Bergljot fekk han sonen Håkon. Etter at far til Sigurd, ladejarlen Håkon Grjotgardson fall i slaget på Stavenesvågen[6], slik det er nemnt i vers 8 i Håleygjatal[7], tok han over styringa og vart den nye ladejarlen. Han herska over Trøndelag og Hålogaland og truleg Nordmøre. Han var ein djerv krigar og ein dugande herskar, og Snorre nemner han som ein uvanleg klok mann. Sigurd jarl var òg ein stor blotmann og heldt i hevd dyrkinga av dei gamle gudane; om dette taler skalden Kormak Ogmundsson (norrønt: Kormákr Ǫgmundarson) i «Sigurdsdråpa»[8].

Etter at Sigurd jarl døydde,vart sonen hans, Håkon Sigurdsson, den nye ladejarlen, seinare kjend som Håkon Ladejarl den mektige.

Jarleætt mot kongsætt[endre | endre wikiteksten]

Dei norrøne kjeldene som omhandlar den politiske stoda i Noreg på byrjinga av 900-talet, er usikre og historisk lite truverdige, men utan tvil var der ofte konflikter mellom ladejarlane i nord og kongane lenger sør, i første rekke om landområde og skipsleia, for å kunne ha kontrollen med den lukurative handelen med varer frå Vest-Noreg og Nord-Noreg. Når det i norsk sogeskriving ofte blir tala om ei rikssamling i denne tida, er det mest truleg å rekne som ei konstruksjon, skapt av sogeskrivarane i høgmedelalderen og seinare.

Då Sigurd jarl tok over styringa i Trondheimen, var det først Harald Hårfagre[Note 1] og seinare Eirik Blodøks som rådde for «vestlandsriket» lenger sør. Kong Eirik Blodøks var stridlynt og det var mykje uro i landet medan han styrte, og Snorre fortel at han drap dei fleste av brørne sine, for å gjere seg til einekonge over riket. Etter han vart Håkon Adalsteinsfostre konge, kanskje berre femten år gamal, og ein må kunne forstå sogene slik at det var eit godt tilhøve mellom han og Sigurd jarl. Rett nok gir Snorre oss det inntrykket at Sigurd jarl spela ein underordna rolle i høve til kong Håkon, både når det galdt lovgjeving og styringa med Trøndelag; i røynda var vel det motsett og det var Sigurd jarl som herska over ladejarlane sitt rike.

Når det blir sagt i Ågrip at «vituge menn» reiste til England for å hente Håkon til Noreg, kan ein ikkje anna enn tru at Sigurd jarl var ein av dei. Det er vel all grunn til å tru at den kloke Sigurd jarl kan ha sett det som ein fordel i at det vart Håkon som «tok støyten» i striden mot Eirik Blodøks og sønene hans. Det gjekk òg slik: etter nokre år kom Eirikssønene attende får å vinne att riket som far deira hadde ått, denne gongen med hjelp av danskekongen Harald Blåtann. Det enda til sist med slaget på Fitjar, omkring 961, der kong Håkon den gode fekk banesår.

Oglo[endre | endre wikiteksten]

Om hausten det året, eller året etter, hende det at to av Eirikssønene, Harald og Erling, gjorde ei svikefull semje med Grjotgard Håkonsson, bror til Sigurd jarl. Med fire skip og mykje folk fór dei inn til ein stad som vart kalla Oglo, og der brann dei inne Sigurd jarl og alt folket hans. Dette er mellom anna skildra slik i vers 9 i Håleygjatal[7]:

Ok Sigurð,
hinns svǫnum veitti
hróka bjór
Haddingja vals
farmatýs,
fjǫrvi næmðu
jarðráðendr
á Ǫglói.

Frå Sigurd,
han som gav ramnane
flust med blod
frå falne hærmenn,
dei hardhuga landsens herrar,
livet dei tok
inne på Oglo.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Det finst få minnesmerke om ladejarlane. Truleg det einaste som kanskje kan knytast til Sigurd jarl, er gravhaugen Brokhaugen på garden Auran i Skatval, Stjørdal kommune. Namnet er av nyare dato: bròk tyder oppdeling, oftast ei todeling, og haugen har truleg blitt nytta som eit grenseskilje og markerte grensa mellom to eller fleire bruk. Haugen var tidlegare kalla for Sigurdshaugen, og ein trur at staden Oglo var eit gamalt namn på denne garden. Den høge bautasteinen i nærleiken, er truleg blitt reist i tilknyting til haugen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kong Harald hadde i samtida truleg tilnamnet «Luva».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Harald Hårfagre
  2. Soga om Håkon den gode
  3. Soga om Eirikssønene
  4. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  5. Ågrip or Noregs kongesoger (Samlaget 1973)
  6. Slaget på Stavenesvågen - Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
  7. 7,0 7,1 Háleygjatal Arkivert 2016-01-29 ved Wayback Machine.: Skaldic Project: Øyvind Finnson Skaldespille
  8. Dråpa om Sigurd jarl Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. Skaldic Project: Kormak Ogmundarson –

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]