Sigurd Hamran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Hamran
Fødd 24. januar 1902
Død

4. november 1977

Yrke politikar

Sigurd Lund Hamran (24. januar 19024. november 1977) var ein norsk fiskar, gardbrukar og politikar frå Tind i Moskenes. Han var stortingsrepresentant frå Nordland og for Arbeidarpartiet frå 1945 til -51 og 1954 til -69.

Hamran var son til ein fiskar. Han dreiv sjølv fiske frå unge år, i 1923 skaffa han seg båt og var skipper i mange år. Frå 1926 var han også småbrukar.

I tida 1933-41 var Hamran medlem av Moskenes heradsstyre, varaordførar frå 1937. Han var ordførar i heradet i 1945 etter frigjeringa og på ny perioden 1964-1971.

Frå 1930-åra deltok Hamran aktivt i organiseringa av fiskarane og fiskeria. Han var formann i Åkran fiskarlag 1937-41 og i Moskenes distriktsfiskarlag 1942-46, to lag der han var sentral i skipinga. Elles var han styremedlem 1937-47 i Fiskernes samkjøp S/L og fleirårig medlem og ordførar 1946-47 i representantskapet i Norges Råfisklag.

Hamran var vararepresentant til Stortinget 1945-49 og 1950-53, men møtte fast frå desember 1945 til november 1951, medan Reidar Carlsen var statsråd i den andre Gerhardsen-regjeringa. Hamran var då medlem i Protokollkomiteen 1945-49 og Sosialkomiteen 1950-51. Då han frå nyår 1954 kom innatt på Stortinget som fast representant, også då med sete i Sosialkomiteen. Med tre attval hadde Hamran stortingsplass til 1969, dei tolv siste sesjonane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi