Sigurd Jarlssons runer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sigurd Jarlssons runer er ei runeinnskrift som vart rista i dørkarmen på Vinje stavkyrkje under borgarkrigstida (1130-1230). Kyrkja vart riven i 1796, men karmen med innskrifta vart teken vare på, og er i dag kjend som N170 Vinje kyrkje I (der N170 viser til nummereringa i Norges innskrifter med de yngre runer).

Innskrifta fører oss rett inn i tumultane under borgarkrigane. Kong Sverre hadde gjort krav på kongemakta og teke opp kampen mot kong Magnus Erlingsson og den mektige far hans, lendmannen Erling Skakke frå Etne i Hordaland. Erling fall i slaget på Kalvskinnet ved Trondheim i 1179, og Magnus i slaget ved Fimreite i Sogn i 1184. Men Sigurd Jarlsson, bror hans, heldt fram kampen. Ein gong stillinga hans var svært vanskeleg, rømde han til Vinje der han rista runene. Omskriven til latinske bokstavar ser runeinnskrifta slik ut:

sigurþr : ialssun : ræist : runar : þesar : lougar : dagen : æftir : botolfs : mæso : er : an : flyþi : higat : ok : uildi : æigi : gaga : til : sætar : uiþ : suærri : foþurbana : sin : ok : brøþra

På moderne norsk:

Sigurd Jarlsson rista desse runene laurdag etter Bottolfsmesse då han flydde hit og ikkje ville gå til forlik med Sverre, banemannen til faren og brørne sine.

Ved å samanlikna dei historiske kjeldene har ein gissa at denne laurdagen etter Botolvsmesse må ha vore 21. juni 1197.

Runekyndig aristokrati[endre | endre wikiteksten]

Innskrifta dokumenterer at aristokratiet framleis hadde kunnskap om runer, mest 200 år etter at det latinske alfabetet var innført. Sigurd syner at han er ein erfaren og sikker runeristar, dette har han gjort mange gonger før. Runologane reknar med at runene levde vidare som eit alternativ til latinsk skrift. Kva skrift som vart brukt, var avhengig av formål og situasjon. Sigurd har hatt eit akutt behov for å fortelja vidare til ettertida det han var utsett for. Han hadde ikkje med seg penn, blekk og pergament, så då vart det kniv og runer.

Mykje tyder på at Sigurd også har vore vel kjend med den litterære skriftspråk-tradisjonen der det vart nytta latinsk skrift. Runeinnskrifta syner nemleg fleire spor etter denne meir formelle tradisjonen. Sigurd er konsekvent med orddeling, og han brukar doble konsonantar. Eit endå tydelegare spor er at han har retta ein feil. Han har gløymt l-en i ordet flyþi. Denne har han skrive over linja og med eit tilvisingsteikn mellom dei runene der l-en skal stå.

Frilleson[endre | endre wikiteksten]

Snorre Sturlason fortel i Soga om Magnus Erlingsson at Erling Skakke gjekk til hande med kong Valdemar av Danmark mot å få Vika til len. Erling fekk då jarletittel, og den beheldt han livet ut. Han hadde fire frillesøner, den eine heitte Reidar og den andre Ogmund, og dei to hadde kvar si mor. Den tredje heitte Finn og den fjerde Sigurd, dei var yngre og mor deira heitte Åse den lyse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]