Sigurd Lodvesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.
Namnet til Sigurd Lodvesson slik det er skrive i folio 36v av Annals of Ulster.

Sigurd Lodvesson (96023. april 1024), med tilnamnet Sigurd Digre (Sigurðr digri), var jarl over Orknøyane frå omkring 991 til han døydde i 1024. Opplysningar om Sigurd finst mest detaljert i Orknøyingasoga[1], men han er òg nemnt i Heimskringla, i soga om Olav den heilage[2] og i mange av islendingesogene som t.d. soga om Øyrbyggjene[3] (Eyrbyggja saga), Njålssoga[4], soga om Gunnlaug Ormstunge[5], soga om Torstein Side-Hallsson[6], soga om Vassdølane[7] og i tåtten om Helga og Ulf i Flatøyboka.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Sigurd var son til Lodve Torfinnsson jarl og farfar hans var Torfinn Hausakljuv. Mor hans var Edna som Orknøyingasoga reknar som dotter av den irske «kong Kjarval». Han var truleg gift to gonger, først med ei ukjend kvinne, seinare (1007) med dotter til den skotske kongen Malcolm 2[8]. Ho blir kalla Olith eller Plantula[9] og med henne fekk han sonen Torfinn (Rike). Han var òg far til tre andre søner, Einar (Vrangmunn), Bruse og Sumarlide, og han var dermed farfar til jarlane Ragnvald Brusesson, Erlend Torfinnsson og Pål Torfinnsson.

Gjennom systrene til Plantula (Olith) kom Sigurd jarl i mågskap med dei seinare skotske kongane Duncan I og Mac Bethad (Macbeth).

Namnet Hlöðvir[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne namnet Hlöðvir blir oftast omsett til «Lodve» på norsk, og far til Sigurd, Lodve Torfinnsson jarl, var kanskje den første personen i norrøn tid som hadde dette namnet. Det er eit uvanleg namn og ikkje kjent frå tidlegare tider i norrøne kjelder, men det kan ha samanheng med det franske namnet «Louis». I «Fornmanna sögur: eptir gömlum handritum»[10] er namnet Hlöðvir brukt i eit «Sögubrot», der det står om sonen til Karl den Store: Hlöðvir hafði Frakkaland ok konúnga nafn. Det er såleis nærliggande å tenke seg at far til Sigurd var blitt kalla opp att etter den historiske franske kongen Ludvig den fromme (Louis the Pious) som levde i tida 778-840.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Dei forrige jarlane, sønene etter Torfinn Hausakljuv, levde i ei tid med strid og kiving om herredømet over jarleriket, ikkje minst påverka av intrigene til «den vonde Ragnhild», dotter av Gunnhild og Eirik Blodøks. Etter alt å døme var styringstida til Sigurd jarl fri for slike indre uromoment og han kunne konsentrere seg om å konsolidere og utvidet jarledømet. Han var ein mektig krigsherre og rådde over store styrkar, både av skip og folk. Han makta å behalde herredømet over Katanes (Caithness), som han hadde teke over etter faren, Lodve Torfinnsson. I tillegg gjorde han seg til herre over Sutherland (Súðrland), og områder ved Irskesjøen, heilt til øya Man. Opplysingar i Njålssoga tyder på at Sigurd jarl hadde herredøme over Hebridane (Sudrøyane) og at han sette Gilli[Note 1] til jarl over øyane. Det er òg nemnt at han gifte syster si til Gilli jarl. Ho er omtala med fleire, ulike namn (Svanlaug, Nereid); mest truleg heitte ho Forbflaith som på norrønt vart skrive som Hvarflǫð[11].

Truleg i allianse med den skotske kongen Malcolm II fekk han kontroll med det opprørske Moray og den strategisk viktige elvevegen Ekkjal (Oykel river) tvers gjennom Skottland.

Sigurd jarl fall i slaget ved Clontarf i april 1014. Skalden Gunnlaug Ormstunge skal ha gjort ein «flokk» om han, men ingen ting av diktet er bevart. Etter at Sigurd jarl døydde vart alle sønene hans, for kortare eller lenger tid, jarlar over Orknøyane.

Olav Tryggvason[endre | endre wikiteksten]

Dei norrøne sogene fortel at Olav Tryggvason kom til Orknøyane i 995, då han var på veg for å erobre Noreg. Han skal då ha fått Sigurd jarl i si makt og tvinga han til å la seg døype, og Orknøyane skal dermed ha blitt kristna. Heile forteljinga verkar lite truverdig og minner sterkt om dei norrøne sogeskrivarane si heltedyrking av «kristningskongen» Olav Tryggvason. Sanninga om hendinga er truleg at Olav tok son til Sigurd jarl som gissel i eit maktpolitisk spel (sonen døydde stutt tid seinare, kanskje let kong Olav han drepe, då Sigurd jarl ikkje let seg underordne den norske kongen).

Det er ingen ting i norrøne eller skotske kjelder som tyder på at Sigurd jarl, korkje før eller etter møtet med Olav Tryggvason, var ein kristen fyrste.

Slaget ved Clontarf[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Clontarf, måleri af Hugh Frazer, 1826.

Slaget ved Clontarf[12] eller Brianslaget - stod 23. april (langfredag) 1014 ved Clontarf, ein liten kystlandsby som i dag er ein forstad til Dublin. Slaget stod mellom irske styrkar fra Munster og Meath under leiing av Brian Boru og Máel Sechnaill. Motstandarane var irske og norrøne styrkar frå Leinster, Dublin, Orknøyane og Man (og truleg vikingkrigarar frå Skandinavia), og hovdingane deira var kong Máelmorda mac Murchada av Leinster, kong Sigtrygg Silkeskjegg frå Dublin, vikinghovdingen Broðir frå Man og orknøyjarlen Sigurd Lodvesson Digre.

Slaget blir rekna som ei viktig og tidsskiljande hending i irsk historie og er omtala både i norrøne og irske kjelder. Brian Boru og dei irske styrkane fekk siger, men Brian sjølv fall i slaget. Mannefallet hjå dei norrøne styrkane var stort, det blir rekna med at kanskje 6000 mann fall. Mellom dei var kong Máelmorda, vikinghovdingen Broðir og Sigurd Lodvesson jarl. Kong Sigtrygg overlevde og heldt fram som konge over Dublin til han døydde i 1042.

I Annals of Ulster[13] er slaget omtala og Sigurd jarl er nemnt mellom dei som fall. Dette er den tidlegaste kjende referansen til jarleriket på Orknøyane i irske kjelder.

Ramnebanneret[endre | endre wikiteksten]

Detalj frå Bayeux-teppet. Ein normannisk soldat ber eit banner som ser ut til å ha motiv av ein ramn.

Fleire av dei norrøne sogene fortel om det magiske ramne-banneret (hrafnsmerki) til Sigurd jarl. Både engelske og norrøne kjelder omtalar slike ramnemerke i andre samanhengar[14], til dømes hadde kong Knut den store eit merke som kunne spå om hæren hans skulle få siger eller nederlag. Banneret til Sigurd jarl var vove av Edna, mor hans, og på det hadde ho brodert ein ramn som tyktes flakse med vengene når vinden bles mot banneret. Dette banneret hadde den eigenskapen at det ville gi siger til han som merket vart bore framom, men døden til han som bar det. Sigurd jarl nytta merket i slaget mot «Finnleik skottejarl»[Note 2] ved «Skidamyr» (Skitten Moore i Caithness), der tre merkesmenn fall, men han fekk siger (Orknøyingasoga[1] kap.11). I slaget ved Clontarf gjekk det òg slik at dei tre første som bar merket døydde, og då Sigurd til sist måtte bere merket sjølv, fekk han banen sin (Orknøyingasoga[1] kap.12).

Den magiske eigenskapen til merket var sjølvsagt overtru, men det er likevel rett truleg at banneret eksisterte og vart nytta slik sogene fortel. Ein indikasjon på at ramne-merket verkeleg vart nytta i strid, ser vi av det kjende Bayeux-teppet som skildrar invasjonshæren til William Erobraren (1066). Ein av krigarane fører utan tvil eit banner med bilete av ein ramn (sjå ill.).

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Lodve Torfinnsson Sigurd Lodvesson
(Sigurd Digre)
Samstyre:
Sumarlide Sigurdsson
Bruse Sigurdsson
Einar Sigurdsson
Torfinn Sigurdsson
-

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gilli jarl kan truleg identifiserast med Gilla Ciaráin mac Glún Iairn, nemnt i irske kjelder som ein hovding på Hebridane.
  2. Finnleik jarl var truleg Findláech, mormaer (jarl) av Moray, òg kalla rí Alban dvs «konge av Alban». Han var far til kongen som William Shakespeare kalla Macbeth.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  3. EYRBYGGJA SAGA frå snerpa.is
  4. Njålssoga (norsk versjon på Heimskringla)
  5. Soga om Gunnlaug Ormstunge omsett av Jakob Fjalestad (Aschehoug,1954)
  6. ÞORSTEINS SAGA SÍÐU-HALLSSONAR frå snerpa.is
  7. Fortælling om Vatnsdølerne heimskringla.no (dansk tekst)
  8. Malcolm II Scottish monarks
  9. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 37
  10. Fornmanna sögur: eptir gömlum handritum bind 11, side 407
  11. Folio 59r av AM 132 fol (Möðruvallabók) nemner Hvarflǫð Hlǫðvisdóttir, kona til Gilli, jarl på Suðreyjar
  12. Battle of Clontarf History Ireland
  13. The Annals of Ulster Year U1014
  14. Encomium Emmae Reginae v/Alstair Campbell, London 1949 (Appendix V)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]