Biskopen Sigurd Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sigurd Lunde (biskop))
Sigurd Lunde

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1916
Noreg
Død

21. januar 2006 (89 år)
Noreg

Yrke prest, redaktør, komponist, journalist
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Biskopen Sigurd Lunde på Commons

Sigurd Lunde (27. april 191621. januar 2006) var ein norsk biskop, komponist, forfattar og redaktør som også var kjend frå radio.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Etter at Sigurd Lunde vart ordinert som prest, studerte han journalistikk i USA. I 1942 vart han tilsett i Det norske misjonsselskap, mellom anna som redaktør av vekeavisa Norsk misjonstidende frå 1946. Frå 1952 til 1966 arbeidde han med religiøse program i NRK og starta radioprogrammet Salmer til alle tider. I 1976 vart Lunde utnemnd til biskop i Stavanger, der han var fram til han nådde pensjonsalderen i 1986. Lunde var elles blant anna medlem av Organisasjonane Song- og Melodibok-komiteane frå 1946 til 1955, og av Liturgikommisjonen, der han arbeidde med ei ny kyrkjesalmebok, frå 1972.

Lunde døydde 21. januar 2006, 89 år gammal. Han var far til NRK-journalisten Einar Lunde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sigurd Lunde; snl.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]