Hopp til innhald

Sigurd Meidell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Meidell

StatsborgarskapNoreg
Fødd20. februar 1878
Bergen, Bergen kommune
Død

26. juli 1968 (90 år)
Oslo

Yrkejournalist, redaktør, genealog, skribent, redaktør
Språknorsk

Sigurd Segelcke Meidell (20. februar 1878–26. juli 1968) var ein norsk journalist og forfattar, fødd i Bergen.

Meidell var utdanna innan jus, men arbeidde som journalist. I 1913 skipa han Avisernes Kristianiakontor i hovudstaden, og dreiv dette i lang tid. Då han kom i sekstiåra, byrja han å gje ut romanar under psvedonymet Arne Vaagen. Frå 1941 til -56 kom åtte forteljingar med motiv frå Vestlandet og vidare. Han vart rekna som ein flink forteljar, medan dei psykologiske skildringane stod noko tilbake. Meidell var mykje interessert i ættegransking og i kulturhistorie, og var aktiv for Hardanger historielag og Sunnhordlands folkemuseum.

Han er gravlagd i Oslo.

  • Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
  • disnorge.no