Sigurd Nergaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Nergaard

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mars 1873
Død

20. januar 1932 (58 år)

Yrke folklorist, skuleleiar, forfattar

Sigurd Nergaard (28. mars 187321. januar 1932) var ein skulemann og folkeminnesamlar frå Åmot i Hedmark. Han er kjend som den store folkeminnesamlaren i Østerdalen. Nergaard var morfar til sosiologen Sigurd Skirbekk og filosofen Gunnar Skirbekk.

Nergaards bøker

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nergaard voks opp på garden Glomstad. Han tok eksamen ved Hamar seminar i 1893 og vart lærar ved ulike folkeskular i Elverum; tida 1904-21 var han også klokkar. 1922 vart han tilsett som lærar i norsk og historie ved Elverum lærarskule. Åra 1927–30 var han sjef for Statens filmkontroll i Oslo, til han i 1931 vart utnemnd til skuledirektør i Hamar bispedømme, kort før han døydde.

Neergard byrja tidleg å samle folkeminne i elverumsbygdene. Etter råd frå språkvitarar nytta han ei blanding av dialektfarga nynorsk og rein dialekt i den første boka, Segner fraa Elvrom, som kom ut i 1907.

Med åra samla han folkeminne i heile Østerdalen. I tida 1921-27 gav han ut fem bøker; Gard og grend, Ufredstider, Eventyr, Hulder og trollskap og Skikk og bruk. Medan banda om eventyr og skikk og bruk er ordna tematisk, er dei tre andre banda ordna etter bygdelag. Bandet med ufredstradisjon er eit spesielt viktig kjeldeskrift. Nergaard nytta i desse folkeminna gjeldande nynorsk rettskriving, stilistisk fylgde han østerdalsmålet.

Nergaard sat i heradsstyret i Elverum i fleire periodar, og frå 1911 til -18 var han skulestyreformann i heradet. Elles hadde han ei rad styreverv, mellom anna i Norsk Bokmannslag og Det Norske Samlaget. Han var ein pådrivar i oppbygginga av Glomdalsmuseet, som han var med på å grunnleggje i 1911.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gard og grend, Kristiania 1921
  • Ufredstider, Kristiania 1922
  • Eventyr, 1923
  • Hulder og trollskap, Oslo 1925
  • Skikk og bruk, Oslo 1927
  • Skal vi ta norsk eller norsk-dansk i Østerdalen?, Oslo 1929

Kjelder[endre | endre wikiteksten]