Sigurd Willoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Willoch
Fødd16. mai 1903
Død20. mars 1991
NasjonalitetNoreg
Yrkekunsthistorikar

Sigurd Daniel Isachsen Willoch (fødd 16. mai 1903 i Kristiania, død 20. mars 1991 i Oslo) var ein norsk kunsthistorikar, best kjent som direktør ved Nasjonalgalleriet 1946-1973.

Han tok magistergrad i kunsthistorie i 1925, med ei avhandling om bestefaren Olaf Isaachsen. Avhandlinga vart utgjeven året etter. Han tok i 1932 doktorgrad på ei avhandling om Thomas Fearnley. Han var kritikar i Aftenposten 1935-1942, i Morgenbladet 1945-1946, skreiv for Kunst og Kultur 1926-1927 og 1937-1938, og var konservator ved Akershus slott 1937-1946.

I tillegg til bøker om Isaachen, August Cappelen, Fearnley, Hugo Lous Mohr og Edvard Munch skreiv han bøker til 100-års jubileet til Oslo Kunstforening i 1936 og jubileet til Nasjonalgalleriet i 1937 og var medarbeidar i Norsk biografisk leksikon 1929-1949. Som leiar av nasjonalgalleriet hadde han ansvar for fleire norske og internasjonale utstillingar, i tillegg til utstillingar av norsk kunst i utlandet.

Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1939. Ei byste av han, utført av Erling Saatvedt i 1973, er eigd av Nasjonalgalleriet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]