Sigval Bergesen d.e.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigval Bergesen d.e.
Berge Sigval Nathanael Bergesen.jpg
Fødd3. april 1863
Farsund
Død4. desember 1956 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
FarOle Bergesen
BarnOle Bergesen, Sigval Bergesen d.y.

Berge Sigval Nathanael Bergesen (3. april 18634. desember 1956), best kjend som Sigval Bergesen d.e, var ein norsk skipsreiar og Høgre-politikar fødd i Farsund i Vest-Agder. Han var son av Ole Bergesen og far til Sigval Bergesen d.y.

Bergesen starta rederiet Sigval Bergesen i Stavanger i 1887. Flåten hans voks til å verta det største i byen.

I tida 1903-1909 var Bergesen stortingsrepresentant, og gjennom 20 år var han ein ivrig forkjempar for Sørlandsbanen. Han var formann og medlem i ei lang rad styre, representantskap og komitéar. Mellom anna var han styreformann for Den norske Amerikalinje frå 1929 til 1939. I 1922 gav han eit klokkespel til domkyrkja i Stavanger.

Bergesen vart utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden i 1953.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]